Fri rettshjelp

Oppdatert 29.12.2023

Fri rettshjelp er støtte til nødvendig juridisk bistand til personar som ikkje har økonomi til å dekkje slike utgifter sjølv. Ordninga gjeld berre saker av spesielt stor personleg og velferdsmessig betydning. I nokre typar saker er det eit vilkår at den som søkjer om fri rettshjelp fyller bestemte inntekts- og formuesgrenser.

Kan du få dekt behovet for rettshjelp på ein annan  måte?
Inntekts- og formuesgrenser
Eigendel
Døme på saker som kan gi rett til fri rettshjelp
Slik går du fram for å søkje om fri rettshjelp

Kan du få dekt behovet for rettshjelp på ein annan måte?

Viss du kan få dekt behovet ditt for juridisk bistand på andre måtar eller gjennom andre ordningar, vil du som hovudregel ikkje få fri rettshjelp. Dette gjeld til dømes viss du har ei forsikring som dekkjer utgifter til juridisk bistand, eller viss du er medlem i ein organisasjon som dekkjer slike utgifter. Det same gjeld dersom det offentlege kan gi deg opplysningar og rettleiing om saka som du søkjer fri rettshjelp til. I slike tilfelle må du nytte deg av desse alternative ordningane.

Inntekts- og formuesgrenser

For å få fri rettshjelp må du i nokre sakstypar ha bruttoinntekt og nettoformue under bestemte grenser, som er:

  • Einslege: Maks årsinntekt 350 000 kroner og maks nettoformue 150 000 kroner
  • Ektefellar og andre som lever saman: Maks samla årsinntekt kr 540 000 og maks nettoformue 150 000 kroner
  • Det er brutto inntekt på årsbasis som blir lagd til grunn. Inntekt som det ikkje blir betalt skatt av skal ikkje inngå i berekningsgrunnlaget. Du må gi opplysningar om økonomien din når du søkjer om fri rettshjelp. Du dokumenterer opplysningane med kopi av skattemelding, lønnsslipp eller utbetalingsdokumentasjon frå Nav.

Når vi vurderer større formuesverdiar, til dømes bustad, fritidsbustad, bil og fritidsbåt, er det likningsverdien ved siste skattemelding som blir lagt til grunn. Formue som består av eigen bustad eller driftsmidlar ser vi likevel normalt bort frå når vi vurderer om du har formue som går over formuesgrensa.

Sjølv om inntekta og formuen din er over dei fastsette grensene, kan du unntaksvis få fri rettshjelp dersom utgiftene til juridisk bistand blir store i forhold til den økonomiske situasjonen din.

Du kan bruke rettshjelpskalkulatoren vår for å finne ut om du oppfyller vilkåra for fri rettshjelp.

Eigendel

Dersom du får fri rettshjelp, skal du betale ein eigendel av utgiftene viss du har ei årleg bruttoinntekt på 100 000 kroner eller meir. Eigendelen kan ikkje falle bort eller bli redusert.

  • Dersom du får fri rettshjelp i ei sak der det ikkje gjeld inntekts- og formuesgrenser, skal du likevel ikkje betale eigendel.
  • Viss du får fritt rettsråd, er eigendelen éin gong salærsatsen, som er 1215 kroner frå 1. januar 2024.
  • Får du fri sakførsel, er eigendelen 25 prosent av utgiftene, oppover avgrensa til 8 gonger salærsatsen, det vil seie 9720 kroner.

Eigendelen blir kravd inn av advokaten din eller rettshjelparen, og eigendelen skal i utgangspunktet betalast på forskot.

Døme på saker som kan gi rett til fri rettshjelp

Du kan få fri rettshjelp anten som fritt rettsråd (juridisk bistand utanom domstolsbehandling) eller som fri sakførsel (juridisk bistand i saker for domstolane, frå og med stemning). Dersom du får fri rettshjelp, kan du i nokre tilfelle òg få dekt eigne utgifter, som til dømes utgifter til tolk eller ei medisinsk utgreiing.

Sivilrettsforvaltninga har meir informasjon om kva sakstypar som kan gje rett til fri rettshjelp:

I kva saker kan du få fri rettshjelp i form av fritt rettsråd (sivilrett.no)

I kva saker kan du få fri rettshjelp i form av fri sakførsel (sivilrett.no)

Slik går du fram for å søkje om fri rettshjelp

Du kan søkje Statsforvaltaren om fritt rettsråd. Det er statsforvaltaren i fylket der du bur eller oppheld deg over noko tid som behandlar søknaden. I mange prioriterte sakstypar kan advokaten eller rettshjelparen innvilge fritt rettsråd dersom inntekts- og formuesgrensa er oppfylt. Då treng du ikkje sjølv sende søknad til Statsforvaltaren.

Søknad om fri rettshjelp til ei sak i utlandet skal alltid sendast til Statsforvaltaren i Oslo og Viken. Dersom du bur i utlandet og har ei sak i Noreg, skal du sende søknaden til Statsforvaltaren i det fylket som anten du eller saka har nærast tilknyting til. Dersom verken du eller saka har tilknyting til eit bestemt fylke, sender du søknaden til Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

Nettstaden rettsrad.no har meir informasjon retta mot advokatar og andre rettshjelparar.

Aktuelle skjema:

digitalt skjema for privatpersonar som skal søkje om fri rettshjelp

eigenerklæringsskjemaet til Sivilrettsforvaltninga (sivilrett.no)

Vis meir


Publisert 13.07.2017

Justis- og beredskapsdepartementets offisielle elektroniske skjema flyttet

Fra 1. juli 2017 er skjemaene tilgjengelig på nytt nettsted: http://www.regjeringen.no/jdskjema.


Publisert 19.04.2017

Informasjon til tolker

Nå kan tolker sende inn krav knyttet til fritt rettsråd elektronisk.