Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengd grunna koronautbrotet. Barnehagane får kompensert dette tapet fullt ut av staten. Slik unngår vi permitteringar i barnehagane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2020

Barnehagane og skulane er no stengde grunna koronautbrotet. Dette har økonomiske konsekvensar for både foreldre og barnehagar. No har regjeringa bestemt at foreldre skal sleppe å betale, og at barnehagane skal få dekka bortfall av foreldrebetaling. I tillegg skal barnehagane framleis få utbetalt det vanlege tilskotet frå kommunen.

– Dette vil gje barnehagane og SFO i offentlege finansierte skular økonomiske rammevilkår som er stabile, og eg forventar at vi unngår permitteringar. Dersom nokre barnehagar likevel skulle permittere tilsette, vil kompensasjon og tilskot bli avkorta, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Regjeringa har vedteke at alle landets barnehagar og skular førebels er stengde grunna korona frå 12. mars til 26. mars. Perioden kan bli forlenga. Helsedirektoratets retningslinjer for stenging av skule og barnehage gjer unntak for barn og unge med særskilte omsorgsbehov, og barn av foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar.

- Barnehagane og SFO har ei viktig oppgåve med å gi tilbod til barn av personar som arbeider med samfunnskritiske oppgåver. I tillegg sikrar tiltaket barnehagetilbodet til ti tusenvis av barn den dagen situasjonen er over, og barna skal tilbake i barnehagen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Tiltaket frå regjeringa vil koste omlag 1 milliard kroner i månaden så lenge barnehagar og SFO er stengde.

Fakta

Skule- og barnehageeigarar har ansvar for eit tilbod til barn som har foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar eller andre kritiske oppgåver i samband med koronautbrotet. Terskelen for å få tilbod er høg grunna omsynet til smittevern. Difor bør dette tilbodet avgrensast så mykje som mogleg. Beredskapslinja i kommunen har fullmakt til å avgrense eller utvide tilbodet.

Det er to vilkår for å få slikt tilbod:

  1. Personell i kritisk samfunnsfunksjon
  2. Personell med andre kritiske oppgåver (til dømes reparere teknisk utstyr på sjukehus). 

For både punkt 1 og punkt 2 gjeld det at:

  • Barnet skal vere under 12 år.
  • Barn som bur med to foreldre, eller tilsvarande juridiske omsorgspersonar, må ha begge desse i kritiske samfunnsfunksjonar og/eller andre kritiske oppgåver.
  • Det ikkje finst tilbod om anna barnepass.
  • Arbeidsgjevar må på førespurnad kunne stadfeste at slike omsorgspersonar er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har kritiske oppgåver knytt til verksemder av eit slag.

Meir informasjon på Utdanningsdirektoratets sider