Framtidsfullmakt

Demens og anna alvorleg sjukdom kan gjere at du ein gang i framtida treng hjelp. Dersom du opprettar ei framtidsfullmakt, kan du bestemme at nokon du stolar på, skal ta vare på interessene dine den dagen du ikkje klarer det sjølv.

Framtidsfullmakt eit privatrettsleg alternativ til vanleg verjemål. Verjemålslova definerer framtidsfullmakt slik:

«En framtidsfullmakt er en fullmakt til én eller flere personer om å representere fullmaktsgivaren etter at fullmaktsgivaren på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller alvorlig svekket helbred ikke lenger er i stand til å ivareta interessene sine innen de områda som omfattes av fullmakten.»

Dersom du vel å opprette ei framtidsfullmakt, er det du som er «fullmaktsgivar». Personen du vel til å ta hand om interessene dine, blir omtala som «fullmektig» eller «framtidsfullmektig». Ordninga er i utgangspunktet gratis og du kan sjølv skrive framtidsfullmakta. Dersom du vel å få hjelp hjå ein advokat, må du betale advokaten for arbeidet.

Vi håpar at denne teksten er til hjelp for deg som ønskjer å opprette ei framtidsfullmakt. Dersom du planlegg å skrive ei framtidsfullmakt, anbefaler vi at du tek deg tid til å lese gjennom heile teksten før du begynner. Deretter kan du bruke lenkene nedanfor til å navigere fram og tilbake i innhaldet. Dei to nedste overskriftene er mest til hjelp for fullmektigen, altså den personen du vel til å ta hand om interessene dine. 

Innhald og utforming av ei framtidsfullmak

Avgjer kva fullmakta skal regulere

Kva gjer eg etter at fullmakta er oppretta?

Når framtidsfullmakta trer i kraft

Stadfesting av fullmakta

Kva betyr det at du opprettar ei framtidsfullmakt?

Ei framtidsfullmakt kan heilt eller delvis erstatte verjemål. Ei framtidsfullmakt gjer det til ein viss grad mogleg for deg å bestemme sjølv også etter at du ikkje lenger er i stand til å ta stilling til spørsmål på eigne vegner. Dersom framtidsfullmakta dekkjer behova dine, blir det ikkje nødvendig å utnemne ei verje sjølv om du ein gang i framtida skulle bli så sjuk at du ikkje lenger er i stand til å ta hand om dine eigne interesser. 

Kven kan opprette ei framtidsfullmakt?

Du må ha fylt 18 år og ha evne til å forstå betydninga av fullmakta. Det betyr at du må skrive fullmakta mens du enno har full forståing for innhaldet i fullmakta du gir til ein annan person. Så lenge du har denne forståinga, kan du også trekkje tilbake ei oppretta framtidsfullmakt, eller velje å skrive ei ny framtidsfullmakt.

Kven kan vere fullmektig?

Ein framtidsfullmektig må ha fylt 18 år på tidspunktet framtidsfullmakta skal brukast, og fullmektigen kan ikkje sjølv ha verje. 

Livssituasjonen til fullmektigen vil også kunne endre seg frå framtidsfullmakta blir oppretta og fram til ho seinare skal brukast. Det kan derfor vere fornuftig å peike ut ein fullmektig nummer to, som kan tre inn dersom den føretrekte fullmektigen blir forhindra.

Fullmektigen må vere éin eller fleire fysiske personar. Du kan ikkje peike ut til dømes eit advokatfirma eller eit rekneskapsbyrå som fullmektig, men det er likevel mogleg å velje ein namngitt advokat eller rekneskapsførar, fordi dei er fysiske personar. Andre døme på moglege fullmektigar kan vere ektefelle, sambuar, barn, søsken, barnebarn, venn eller ein anna person du føretrekkjer.

Som fullmaktsgivar står du fritt til å velje kven som eventuelt skal ta vare på interessene dine, men det er viktig å velje ein person du har særleg tillit til. Etter at fullmakta har tredd i kraft, kan du ikkje lenger trekkje tilbake framtidsfullmakta

Innhald og utforming av ei framtidsfullmakt

Absolutte krav til ei framtidsfullmakt

Framtidsfullmakta må vere skriftleg, og det må gå klart fram at fullmakta er meint å ha en framtidsverknad. Det betyr at fullmakta må vere tydeleg på at ho skal gjelde etter at du har vorte så fysisk og/eller mentalt svekka at du ikkje lenger sjølv greier å ta hand om dine eigne interesser på dei områda som fullmakta regulerer.

Framtidsfullmakta skal vere underteikna av to vitne som du (fullmaktsgivaren) har godtatt. Desse krava blir stilte til vitna:

  • Vitna må ha fylt 18 år.
  • Vitna må forstå betydninga av å underteikne.
  • Fullmektigen sjølv, fullmektigens ektefelle, sambuar, foreldre, barn og barnebarn kan ikkje underteikne som vitne.

Vi tilrår dessutan at du unngår å velje vitne som kan ha eigeninteresse i at du opprettar framtidsfullmakt. Eit typisk eksempel er dersom framtidsfullmakta seier at eit eller begge vitne skal få gåver eller forskot på arv etter at framtidsfullmakta har tredd i kraft. Barna dine eller søsken av fullmektigen er ofte eit uheldig val når du skal finne vitne.

Det er ikkje nok at vitna underteiknar dokumentet. Det er også eit krav at du som fullmaktsgivar underteiknar fullmakta – alternativt vedkjenner deg underskrifta di – medan vitna er til stades. Vitna skal skrive under medan du sjølv er til stades, og du skal sjølv ønskje at fullmakta blir underskriven. Vitne skal ikkje underteikne på bakgrunn av at du på eit tidlegare tidspunkt har gitt uttrykk for at du ønskjer å opprette ei framtidsfullmakt.

Framtidsfullmakta bør dessutan innehalde:

  • Dato for når fullmakta vart oppretta. Datoen på framtidsfullmakta kan vere avgjerande dersom det oppstår tvil om at du var i stand til å forstå betydninga av fullmakta på det tidspunktet då ho vart oppretta.
  • Opplysningar om fødselsdato og adresse/kontaktinformasjon til vitna. Framtidsfullmakta bør også opplyse om kva relasjon vitna har til deg. Opplysningar om relasjon kan bidra til å avklare om vitna er habile eller inhabile med tanke på innhaldet i framtidsfullmakta. Døme på relasjon kan vere nabo, kollega, venn, fastlege osv. Vitne blir ikkje alltid kontakta, men det kan vere tenleg å ha kontaktinformasjon dersom det blir stilt spørsmål ved om fullmakta er gyldig.
  • Det bør gå fram at vitna, ved å skrive under på framtidsfullmakta, stadfestar at du har oppretta framtidsfullmakta av eigen fri vilje og at du, som fullmaktsgivar, forstod innhaldet og betydninga då du underteikna fullmakta.

Avgjer kva fullmakta skal regulere

Det er du sjølv som bestemmer kva framtidsfullmakta skal regulere. Fullmakta kan omfatte både økonomiske og personlege forhold, eller ho kan vere avgrensa til å gjelde nokre få forhold, som til dømes sal av bustad og betaling av rekningar. Ei framtidsfullmakt gir gode høve til å lage gode løysingar for akkurat deg. Eit viktig råd er å skrive framtidsfullmakt medan du framleis er frisk nok til å tenkje gjennom korleis du ønskjer å ha det. Vi rår deg frå å skrive framtidsfullmakt berre av omsyn til pårørande, eller at du skriv framtidsfullmakt etter påtrykk frå pårørande eller andre.

Økonomiske forhold kan til dømes vere å betale rekningar, handtere løpande inntekter og utgifter, handtere ulike gjeldsforhold, kjøpe og selje verdipapir, opprette eller avslutte bankkontoar, drift eller utleige av fast eigedom eller drift av næringsverksemd.

Personlege forhold omfattar i utgangspunktet det å representere deg på alle vis og å sikre at du får dei rettane du har krav på. Du kan til dømes velje kven som skal representere deg overfor Nav, kommune og sjukeheim. Da vil fullmektigen kunne søkje om tenester og ytingar frå det offentlege og klage på vedtak.

Enkelte ønskjer også å bestemme kven som skal reknast som næraste pårørande. Dersom du ønskjer å peike ut kven som skal vere din næraste pårørande, må det gå tydeleg fram i fullmakta. Vedkommande som du peikar ut vil då få rettar som ein nærståande har etter helselovgjevinga. Du kan likevel ikkje gi fullmektigen rettar som vedkommande ikkje ville hatt som nærståande på dette området.

Dersom du ønsker hjelp og rettleiing for å sikre at framtidsfullmakta i størst mogleg grad skal dekkje det framtidige hjelpebehovet ditt, anbefaler vi at du tek kontakt med ein advokat. Det er uansett viktig at du sjølv tenkjer gjennom korleis  du ønskjer det når du ikkje lenger er i stand til å ta hand om eigne interesser. I mange tilfelle ser Fylkesmannen at det oppstår eit større hjelpebehov enn det som er omtala i framtidsfullmakta. Du kan sjølvsagt velje å avgrense fullmakta, men det bør i så fall vere et bevisst val.

Kva bør du passe særleg på når du skriv framtidsfullmakt?

Sal/overdraging av fast eigedom eller andel i burettslag

Dersom framtidsfullmakta omfattar sal eller overdraging bør det klart gå fram kva eigedommar fullmektigen kan eller skal selje. Dersom du ønskjer at fullmektigen skal kunne selje til dømes primærbustad, fritidseigedom eller ei tomt, bør det gå tydeleg fram i fullmakta. Tilsvarande gjeld også dersom framtidsfullmakta omfattar andre disposisjonar knytt til eigedom, til dømes utleige eller at eigedommen skal kunne overdragast, til dømes til fullmektigen.

Du kan identifisere fast eigedom med gards- og bruksnummer, og eventuelt også seksjons- og festenummer, i tillegg til at du opplyser kva kommune eigedommen ligg i. Andel i burettslag kan du identifisere ved å skrive andelsnummer, namn på burettslaget og organisasjonsnummeret til burettslaget i framtidsfullmakta. Det kan også tenkjast at du kjøper ny eigedom i tiden frå du oppretta framtidsfullmakta og fram til ho eventuelt trer i kraft. Dersom du trur at det kan skje, kan du skrive at fullmakta skal gjelde også eigedom som du seinare kjøper, arvar eller overtek. 

Nokre døme på kva du IKKJE kan regulere med ei framtidsfullmakt

Ein fullmektig kan ikkje få fullmakt til «å stemme ved valg, inngå ekteskap, erkjenne farskap, samtykke til donasjon av organer, opprette eller tilbakekalle testament eller samtykke til tvang og kompetanse i andre særlig personlige forhold […] uten særskilt hjemmel i lov», jamfør paragraf 80 tredje ledd i verjemålslova.

Kva skjer dersom fullmektigen blir inhabil?

Fullmektigen kan i utgangspunktet ikkje ta hand om fullmaktsgivars interesser i spørsmål der fullmektigen er inhabil. Fullmektigen er inhabil dersom vedkommande har, eller kan ha, ei eigeninteresse i saka. Dette gjeld også dersom fullmektigens næraste har, eller kan ha, eigeninteresse i saka. Fullmektigen skal da kontakte Fylkesmannen slik at vi kan oppnemne verje til å ta hand om problemstillinga der fullmektigen er inhabil. Det kan for eksempel vere aktuelt dersom fullmektigen og hans/hennar næraste familie ønskjer å kjøpe eigendommen til fullmaktsgivar. Eit anna døme vil vere utdeling av forskot på arv eller større gåver til fullmektigen og fullmektigens familie.

Dette vil likevel ikkje vere aktuelt dersom du sjølv bestemmer at fullmektigen skal kunne representere deg også når vedkommande har ei interesse i spørsmålet som skal avgjerast. Det må da klart gå fram av framtidsfullmakta kva fullmektigen kan gjere på dine vegner, og kva avgrensingar som eventuelt gjeld. Alternativt kan du i framtidsfullmakta bestemme at ein annan person skal kunne tre inn og avgjere i slike spørsmål. 

Om ikkje noko anna er avtalt eller fastsett i fullmakta, kan fullmektigen dekkje sine nødvendige utgifter av midlane til fullmaktsgivar. Fullmektigen kan, når det er rimeleg, også rekne seg et passande vederlag om ikkje noko anna er avtala eller fastsett i fullmakta. Ein fullmektig kan gi vanlege gåver på vegner av fullmaktsgivar. Andre gåver kan fullmektigen gi berre dersom det er spesifikt skrive i fullmakta. 

Kva skjer dersom framtidsfullmakta ikkje dekkjer behova dine?

En av fordelane med å opprette ei framtidsfullmakt er at du sjølv kan peike ut ein person du har tillit til, og som kan representere deg når du sjølv ikkje lenger er i stand til å ta hand om interessene dine. Fylkesmannen ser ofte at framtidsfullmakter er avgrensa til å omfatte berre sal av bustad, arveforskot og betaling av rekningar. I enkelte tilfelle har fullmaktsgivar fylt ut eit skjema som han eller ho har funne på internett, eller teke utgangspunkt i ei eksempelfullmakt som skal kunne passe mange. Dersom du skulle bli ramma av demens eller anna alvorleg sjukdom og ikkje lenger kan ta hand om dine eigne interesser, er det fleire avgjerder som må takast, avgjerder som da gjerne fell utanfor de framtidsfullmaktene du kan finne som døme på internett. Dersom framtidsfullmakta er svært avgrensa, enten utilsikta eller fordi du bevisst har valt å avgrense fullmakta, kan løysinga vere at du må ha et verjemål (som gjeld parallelt med framtidsfullmaktsforholdet) dersom det skulle oppstå andre og/eller uventa spørsmål. 

Du har stor fridom til å avgjere kva område di eiga framtidsfullmakt skal regulere. Etter vårt syn er det vanskeleg å lage ein god mal som passar alle, derfor tilbyr vi heller ikkje ein mal du kan bruke for å skrive din eiga framtidsfullmakt. Vi har likevel teke med eit eksempel på ei framtidsfullmakt slik at du kan sjå korleis ei framtidsfullmakt kan sjå ut.

Kva gjer eg etter at framtidsfullmakta er oppretta?

Skal eg sende framtidsfullmakta Fylkesmannen eller få ho registrert på anna vis?

Nei, per i dag er det ikkje nokon registreringsordning for framtidsfullmakter. Framtidsfullmakta skal ikkje sendast til Fylkesmannen før ho har tredd i kraft. Når framtidsfullmakta har tredd i kraft, er det opp til fullmektigen om han eller ho ønskjer å søkje om stadfesting hos Fylkesmannen.

Vurder om du skal skaffe deg ei legeerklæring

Det kan vere fornuftig å gå til fastlegen og få ei legeerklæring så snart fullmakta er skriven. På den måten kan du unngå at det seinare oppstår tvil om at du forstod innhaldet i framtidsfullmakta og betydninga av å opprette  ho. Legeerklæringa må stadfeste at du forstår betydninga av fullmakta på dei områda ho regulerer. Dette er særleg viktig dersom du har ein begynnande kognitiv svikt på tidspunktet då du skreiv under på framtidsfullmakta. Ta gjerne med framtidsfullmakta til legen slik at du og legen kan snakke om innhaldet i fullmakta. Det vil gjere det lettare for legen å vurdere om du forstår betydninga av innhaldet i fullmakta. Ei legeerklæring er uansett en enkel måte å forsikre seg om at det ikkje seinare blir stilt spørsmål ved om framtidsfullmakta er gyldig, til dømes om du skulle bli råka av alvorleg sjukdom som utviklar seg raskt. 

Kan eg få framtidsfullmakta førehandsgodkjent hos Fylkesmannen?

Fylkesmannen kan ikkje førehandsgodkjenne ei framtidsfullmakt. Som fullmaktsgivar har du sjølv ansvar for at framtidsfullmakta er gyldig oppretta, og at ho dekkjer det framtidige hjelpebehovet og ønske om støtte. Dersom fullmakta blir skriven lenge før ho eventuelt trer i kraft, kan det vere fornuftig å lese gjennom framtidsfullmakta med jamne mellomrom. Så lenge du er i stand til å ta hand om dine eigne interesser, kan du sjølvsagt trekkje tilbake ei fullmakt og eventuelt velje å skrive ei ny. 

Oppbevaring av framtidsfullmakt

Det eksisterer per i dag ikkje noko oppbevaringsløysing for framtidsfullmakter, slik det gjer for testamente.

Fylkesmannen tilrår at du oppbevarer den originale framtidsfullmakta forsvarleg, for eksempel i ein safe, våpenskap eller liknande. Oppbevaring bør avtalast med eller gjerast i samråd med fullmektigen, slik at han eller ho veit kvar framtidsfullmakta er når ho skal takast i bruk. Dersom du har få eller ingen nære pårørande, kan det vere lurt å informere fastlegen om at du har oppretta ei framtidsfullmakt og kven du har utpeikt som fullmektig.

Når du som fullmaktsgivar har skrive ei framtidsfullmakt, har du tatt val for tida etter at du ikkje lenger er i stand til å ta stilling til spørsmål på eigne vegner. Informasjonen nedanfor rettar seg først og fremst mot fullmektigen, altså den personen som skal ta hand om interessene dine. Det kan uansett vere lurt at du som skriv framtidsfullmakt, også leser gjennom informasjonen nedanfor.

Når framtidsfullmakta trer i kraft

Når trer framtidsfullmakta i kraft?

Verjemålsloven sier at framtidsfullmakta trer i kraft når fullmaktsgivar «på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller alvorlig svekket helbred ikke lenger er i stand til å ivareta interessene sine» i forhold som er omfatta av framtidsfullmakta.

Så lenge fullmaktsgivar er i stand til å forstå betydninga av framtidsfullmakta, vil vedkommande normalt kunne ta hand om sine eigne interesser sjølv, eventuelt få hjelp gjennom ei vanleg fullmakt. Dersom fullmaktsgivar blir alvorleg fysisk svekt, anten det er i tillegg til anna sjukdom eller det er hans eller hennar hovuddiagnose, kan framtidsfullmakta likevel tre i kraft på et tidlegare tidspunkt. Tidspunktet vil da vere avhengig av kor alvorleg og varig tilstanden er.

Dersom du som fullmektig er usikker på om framtidsfullmakta har tredd i kraft, kan du kontakte Fylkesmannen for å få rettleiing. Du kan også ta kontakt med fastlege, behandlande lege eller tilsynslege og be om at vedkommande lege vurderer fullmaktsgivars evne til å forstå fullmaktas betydning og/eller tek  stilling til om fullmaktsgivars helse er så alvorleg svekt at framtidsfullmakta trer i kraft.

Stadfesting av fullmakta

Ei framtidsfullmakt treng ikkje nødvendigvis å bli stadfesta av Fylkesmannen. Så sant framtidsfullmakta oppfyller formkrava og fullmaktsgivar var i stand til å forstå betydninga av framtidsfullmakta på det tidspunktet då fullmakta vart oppretta, er framtidsfullmakta gyldig uavhengig av om Fylkesmannen stadfestar at fullmakta har tredd i kraft. Stadfesting kan likevel gjere det lettare for deg å representere fullmaktsgivar overfor tredjepersonar.

Dersom du skal selje eller overdra eigedom på vegne av fullmaktsgivar, bør du søkje om stadfesting av fullmakta. Kartverket krev nemleg at Fylkesmannen har stadfesta at framtidsfullmakta har tredd i kraft, og det kan vere lurt å søkje om stadfesting i god tid før sal eller overdraging. Da unngår du at prosessen stopper opp i påvente av saksbehandlinga hos Fylkesmannen.

Dersom Fylkesmannen stadfestar framtidsfullmakta, får du tilsendt ein attest som du kan legge frem når du tek hand om fullmaktsgivars ønske og behov. Fylkesmannen syter for at framtidsfullmakta blir tinglyst og registrert i aktuelle register.

Når kan Fylkesmannen stadfeste ei framtidsfullmakt?

Fylkesmannen kan stadfeste ei framtidsfullmakt først når ho har tredd i kraft, det vil seie at fullmaktsgivar må vere kommen i ein slik tilstand som er skildra i paragraf 78 i verjemålslova. Først da kan du som fullmektig søkje om at Fylkesmannen stadfestar ei framtidsfullmakt.

Tilsvarande gjeld for vedvarande fullmakter, det vil seie ei fullmakt som først skal fungere som ei vanleg fullmakt, for så – om nødvendig – kunne gå over til å fungere som ei framtidsfullmakt. 

Kva må fullmektigen gjere for å søkje Fylkesmannen om stadfesting av ei framtidsfullmakt?

For at Fylkesmannen der du bur skal kunne ta stilling til om framtidsfullmakta kan stadfestast eller ikkje, må fullmektigen sende inn:

  • Utfylt søknadsskjema
  • Framtidsfullmakta i original
  • Dokumentasjon på at pårørande til fullmaktsgivar er varsla om innhaldet i framtidsfullmakta og at framtidsfullmakta har tredd i kraft. Dokumentasjonen skal helst vere signert av dei pårørande og skal sendast inn saman med søknadsskjemaet.
  • Legeerklæring som har informasjon om:
    • diagnose/diagnosar som fullmaktsgivar har og som er relevante for at framtidsfullmakta skal tre i kraft­­­
    • fullmaktsgivars evne til å ta hand om personlege og økonomiske interesser
    • om det er slik at eventuell manglande evne til å ta hand om eigne interesser har samanheng med diagnosen/diagnosane til fullmaktsgivaren
    • legens vurdering av fullmaktsgivars tilstand og evne til å forstå innhaldet i fullmakta

Fylkesmannen ønskjer dessutan at legen sender inn legeerklæring eller journalopplysningar som gir informasjon om fullmaktsgivars evne til forstå betydninga av fullmakta på det tidspunktet då framtidsfullmakta vart skriven. Dette er særleg viktig dersom fullmaktsgivar oppretta framtidsfullmakta relativt  kort tid før ho tredde i kraft, eller i tilfelle der fullmaktsgivar hadde ein begynnande kognitiv svikt på det tidspunktet då framtidsfullmakta vart skriven. Dersom Fylkesmannen ikkje får inn helseopplysningar om fullmaktsgivars evne til å forstå betydninga av fullmakta på tidspunktet då fullmakta vart skriven, må du rekne med at saksbehandlinga tek lengre tid.