Representant for einsleg mindreårig asylsøkjar

Einslege mindreårige asylsøkjarar har krav på å få oppnemnt ein representant. 

Ein einsleg mindreårig asylsøkjar er ein person under 18 år som kjem til Noreg utan foreldre eller andre med foreldreansvar, og som søkjer asyl.

Ein representant er ein juridisk erstattar for foreldra. Ein representant har ikkje dagleg omsorg for barnet, men skal sikre dei juridiske interessene til den mindreårige og andre forhold som ligg til foreldreansvaret. Representanten skal hjelpe den mindreårige i samband med asylsaka, og skal til dømes vere til stades i samtalar med utlendingsstyresmaktene.

Representanten skal sikre at

  • alle vedtak som blir gjort, er til barnets beste, og eventuelt klage på vegner av barnet
  • barnet blir hørt
  • barnet får høveleg omsorg, bustad, utdanning, språkleg støtte og helsestell

Barnets behov

Barnet treng ein vaksen han eller ho kan vere trygg på, og som sikrar dei spesielle behova barnet har. Det er viktig at representanten har god kunnskap om det norske samfunnet, norsk språk og at han eller ho kan orientere seg i det offentlege systemet. Vervet krev at du er et medmenneske, samtidig som du skal sikre at rettane til barnet blir oppfylte. 

Når den mindreårige får innvilga midlertidig opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphald i Noreg, fell representantordninga bort. Den mindreårige skal då få oppnemnt verje etter reglane i vergemålslova.