Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dersom du har fått, men ikkje ønskjer verje, kan du gi beskjed om dette til Fylksmannen der du bur.

Verjemålslova gir utvida klagerett ved oppretting av verjemål. Utvida klagerett vil seie at det er fleire som har rett til å klage: 

  • den som er sett under verjemål
  • verja
  • den som har sett fram kravet om verjemål
  • personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken

For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klage på val av verje vert til dømes regulert av de vanlige reglane i forvaltningslova og ikkje etter dei spesielle reglane i verjemålslova.

Klagefristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Du skal sende klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan gjere om vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som fører tilsyn med Fylkesmannen og som er klageinstans for vedtak gjort av Fylkesmannen.