Informasjon til deg som er verje

Som verje kan du gjere handlingar på vegner av personen du er verje for, innanfor rammene av det mandatet som Fylkesmannen har gitt deg. Personen skal så sant det er mogleg bli høyrd før det blir gjort handlingar av større betydning. Enkelte handlingar krev dessutan at Fylkesmannen må samtykke.

Verja kan ikkje gjennomføre handlingar av større betydning dersom den som har verje motset seg handlingane, med mindre personen ikkje er i stand til å forstå kva handlinga vil bety.

For enkelte handlingar må verja ha samtykke både frå personen som har verje og frå Fylkesmannen. Dette er vanleg dersom handlinga gjeld

  • fast eiendom (kjøp og sal, pantsetting, forpakting og utleie, drift osv.)
  • større gåver og arveforskot

Vergemal.no har meir informasjon om kva handlingar som krev at det i tillegg til samtykke frå personen som har verje, også må innhentast samtykke frå Fylkesmannen.

Ei verje kan søkje digitalt om godkjenning frå Fylkesmannen.

Oppgåver andre må gjere

Som verje må du skilje mellom det å sørge for at behov blir dekt og det å faktisk kjøpe varer eller utføre tenester sjølv. Det siste er ikkje ei verjeoppgåve. Nokre gonger er det derfor andre enn verja som skal hjelpe personen.

Dette kan gjelde:

  • helsehjelp
  • praktiske gjeremål i kvardagen
  • sosiale aktivitetar
  • omsorgsoppgåver

Desse oppgåvene fell utanfor oppdraget ditt som verje.