Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 29.04.2022

Ferdigstilte forvaltningsplaner for Ramsarområdet Innherred ferskvannsystem

Innherred ferskvannsystem består av Hammervatnet naturreservat, Lundselvoset naturreservat og Lyngås-Lysgård fuglefredningsområde. Forvaltningsplanene for disse verneområdene er nå ferdigstilt. Informasjonsbrev vil bli sendt ut til grunneiere, kommuner og andre berørte parter.


Publisert 15.02.2022

Oppstart av arbeid med forvaltningsplan for Svorkmyran naturreservat

Statsforvalteren melder med dette oppstart av arbeid med forvaltningsplan for Svorkmyran naturreservat i Orkland kommune.


Publisert 21.12.2021

Forollhogna nasjonalpark 20 år

21.desember 2001 ble Forollhogna vernet og opprettet som en av landets nasjonalparker.


Publisert 03.12.2021

Oppstart av arbeid med forvaltningsplan og besøksstrategi for Bymarka naturreservat i Trondheim

Statsforvalteren melder med dette oppstart av arbeid med revisjon av forvaltningsplanen for Bymarka naturreservat og besøksstrategi for verneområdet. Verneområdet ligger i Trondheim kommune.


Publisert 05.11.2021

Derfor verner vi natur

Verneområder er viktige for å ta vare på arter, naturtyper og landskap, og natur kan vernes ut fra ulike formål. 


Publisert 27.01.2021, Sist endra 27.01.2021

Går i dialog om mulig fremtidig vern

Miljødirektoratet ber Statsforvalteren i Trøndelag om å sette i gang arbeidet med supplerende vern i fylket. Dette som en del av en landsomfattende prosess, som startet i 2018.


Publisert 23.06.2020

Nye marine verneområder etablert

Skarnsundet marine verneområde i Inderøy kommune ble i dag opprettet. I alt har regjeringen etablert ni nye verneområder i dag.


Publisert 29.04.2020

Oppstart av forvaltningsplanarbeid for naturreservatene Røsheia, Skavdalen og Kammen og Kalddalen

Fylkesmannen melder om oppstart av forvaltningsplanarbeid for Røsheia naturreservat, Skavdalen naturreservat og Kammen og Kalddalen naturreservat. Verneområdene ligger i Inderøy og Indre Fosen kommuner.  


Publisert 16.03.2020

Kompetansedager for nye nasjonalpark- og verneområdestyrer

Fylkesmannen arrangerte kompetansedager for de nye nasjonalpark- og verneområdestyrene i sørdelen av Trøndelag 3. - 4. mars. Her finner dere alle presentasjonene. 


Publisert 20.02.2020

Forvaltningsplan for Fitjan fuglefredningsområde er ferdig

Forvaltningsplan for Fitjan fuglefredningsområde er ferdig. Informasjonsbrev vil bli sendt ut til grunneiere, kommune og andre berørte parter.