Miljøtiltak

Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.

Fylkesmannen har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.

Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven

Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.

For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Fylkesmannen skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.

Vis meir


05.07.2019

Fylkesmannen besøkte Beitlandet

Fylkesmann Frank Jenssen var i går på besøk til kulturlandskapsprisvinnarar Heidi og Trond Olav Beitland i Forradal i Stjørdal.

06.06.2018

Jordbruksavtalen gir endringer i Regionalt miljøtilskudd for 2018

Jordbruksavtalen økte ramma for RMP-tilskuddet til Trøndelag fra 55,9 millioner til 63,1 millioner kroner. Årsaken til økning er spesifisert til 0,5 mill. til friareal for kortnebbgås og 3,3 mill. til bratt areal. Resten er generelt tillegg. Jordbruksavtalen sier også at alle fylker skal innføre tilskudd til nedlegging/nedfelling av husdyrgjødsel og at fylkene kan vurdere å ta inn igjen tilskudd til utsatt jordarbeiding erosjonsklasse 1 og 2 i «andre områder».