LIS1 og turnusteneste for fysioterapeutar

Turnusteneste inneber at fysioterapeutar gjennomfører ei pålagd praksistid etter avslutta utdanning. Spesialistutdanning og godkjenning for legar følgjer ordninga som vart sett i verk i 2019. Ofte brukar vi uttrykka LIS1, LIS2 og LIS3 om legar som er tilsett i utdanningsstillingar. 

Den nye spesialistutdanninga og godkjenninga for legar er tredelt. Lege i spesialisering del 1 (LIS1) er den første delen av spesialiseringsløpet, og er felles for alle legar. LIS1 erstattar i praksis turnustenesta for legar. LIS1 blir etterfølgt av LIS2 og LIS3. Sistnemnde er spesialiseringa til dei ulike legespesialistane.

LIS1 omfattar tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta. Legar som var tilsette eller hadde fått tilbod om turnusstilling etter gammal ordning før 1. mars 2017 er dei siste som gjennomfører turnusteneste. 

Ledige LIS1-stillingar blir lyste ut vår og haust via stillingsportalen til Helsedirektoratet.

Turnusplassar for fysioterapeutar

Personar som har avslutta bachelorutdanning i fysioterapi, må gjennomføre eitt års fastlagt praktisk teneste (turnusteneste) for å få autorisasjon som fysioterapeut. Fylkesmannen i kvart enkelt fylke godkjenner turnusplassar for fysioterapeutar på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Fylkesmannen i Troms og Finnmark, Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Oslo og Viken har hovudansvar for å skaffe nok turnusplassar i sin region (Nord-Noreg, Vestlandet og Austlandet). 

Kurs hos Fylkesmannen

Fylkesmannen tilbyr grupperettleiing og kurs for legar i spesialisering og turnusfysioterapeutar.

Vi tilbyr:

  • Kurs i offentleg helsearbeid
  • Kurs i legevaktsmedisin for legar i spesialisering, del 1 (LIS1)
  • Grupperettleiing av LIS1-legar i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar som skal ha ansvar for LIS1-legar i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar for turnusfysioterapeutar

Fylkesmannen refunderer reiseutgifter du har hatt i samband med kurs og rettleiing. 

Vis meir


27.07.2020

Kurs for LIS1-leger, turnusfysioterapeuter og turnuskiropraktorer i kommunehelsetjenesten i Trøndelag - Høsten 2020

Kursoversikten gjelder for deg som er i LIS1- eller turnustjeneste i kommunehelsetjenesten i Trøndelag

10.01.2020

Kurs for LIS1-leger, turnusfysioterapeuter og turnuskiropraktorer i kommunehelsetjenesten i Trøndelag

Kursoversikten gjelder for deg som er i LIS1- eller turnustjeneste i kommunehelsetjenesten i Trøndelag våren 2020.

16.07.2019

Kurs for LIS1-leger, turnusfysioterapeuter og turnuskiropraktorer i kommunehelsetjenesten i Trøndelag

Kursoversikten gjelder for deg som er i LIS1- eller turnustjeneste i kommunehelsetjenesten i Trøndelag høsten 2019.

14.01.2019

Kurs for LIS1-leger, turnusfysioterapeuter og turnuskiropraktorer i kommunehelsetjenesten i Trøndelag

Kursoversikten gjelder for deg som er i LIS1- eller turnustjeneste i kommunehelsetjenesten i Trøndelag våren 2019.

30.08.2018

Velkommen til kurs i nødnett og akuttmedisin

Invitasjonsbrev og program finner du til høyre på siden.

09.08.2018

Kurs og gruppeveiledning for LIS1- leger i kommunehelsetjenesten høsten 2018

Foreløpig informasjon om kursene utover høsten 2018.

18.04.2018

Gruppeveiledning for turnusleger i norddelen av fylket 22. mai 2018

Innkalling til gruppeveiledning for turnusleger i norddelen av fylket, 22. mai 2018

29.01.2018

Kurs for turnusleger, turnusfysioterapeuter og turnuskiropraktorer i kommunehelsetjenesten i sørdelen av fylket

Kursoversikten gjelder for deg som starter i turnustjeneste i kommunehelsetjenesten våren 2018 i kommuner i tidligere Sør-Trøndelag fylke.