Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav-kontora

Søknadsfrist:
1. februar 2019 23:59
Målgruppe:
Nav-kontora
Ansvarleg:
Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med fylkesmennene
Kven kan søke:
Nav-kontora
Rapporteringsfrist:
1. februar 2020 23:59

Arbeids- og velferdsdirektoratet har lyst ut tilskot for å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora.

Publisert 19.12.2018

Det overordna målet er eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa brukaranes behov. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene, og gjennom dette betring i levekåra. Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å komme i ein vanskeleg livssituasjon.

Desse områda blir særskilt prioritert i 2019

  • Bruk av ordinært arbeidsliv
  • Oppfølging av barnefamiliar, ungdom og innvandrarar
  • Sikring av sårbare overgangar, blant anna lauslating etter straffegjennomføring, overgangar mellom ulike tenester, utdanning og arbeidsliv

Nav-kontora kan søkje om tilskot innan 1. februar 2019 ved å sende utfylt søknadsskjema til Fylkesmannen. Tilskotet blir primært ytt for eitt år frå oppstartsdato, men det kan ytast tilskot i inntil tre år til same tiltak.

Meir informasjon om tilskotet og søknadsskjema finn de på Nav si heimeside.

Frå og med 01.01.2019 vert Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland slått saman til Fylkesmannen i Vestland. Søknadsfristen er 1. februar 2019. Etter nyttår må søknader  sendast til Fylkesmannen i Vestland. Elektronisk post i 2019 kan sendast til organisasjonsnummer 974760665. E-post sendast i 2019 til fmvlpost@fylkesmannen.no.

Søknadsfrist:
1. februar 2019 23:59
Målgruppe:
Nav-kontora
Ansvarleg:
Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med fylkesmennene
Kven kan søke:
Nav-kontora
Rapporteringsfrist:
1. februar 2020 23:59

Kontaktpersonar