Tilskot til oppryddingstiltak i ureina grunn og sjøbotn for 2019

Miljødirektoratet forvaltar midlar til oppryddingstiltak i ureina grunn og sjøbotn.

I hovudsak ligg prinsippet om at ureinar betalar til grunn for arbeid med opprydding av ureina grunn og sjøbotn. Så langt det er rimeleg, vil pålegg etter ureiningslova bli brukt som eit middel for å sikre opprydding i ureina vatn, grunn og sjøbotn. Det er likevel ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekker deler av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak. Dette gjeld for eksempel der:

  • Staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for ureininga.
  • Den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre årsaker ikkje kan stå for ei god opprydding.
  • Det av miljøårsaker hastar å få rydda opp. Staten forskutterer opprydningskostanden for å komme raskt i gang og vil krevje kostnadane refundert frå den ansvarlege i etterkant.
  • Miljøforvaltninga vil framskaffe grunnlag for å legge til rette for kunnskapsinnhenting og formidling.
  • Det er nødvendig for å medverke til ein samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område.
  • Det av andre årsaker er urimeleg at den ansvarlege skal dekke alle kostnadene.

Kven kan søkje?

Målgruppa for tildeling av midlane er tiltakshavarar, samt private og offentlege aktørar som er ansvarlege for område på land eller i sjø der det må ryddast opp for å redusere spreiing av miljøgifter til menneske og miljøet.

Fristen for å sende søknad til Miljødirektoratet om statlege midlar frå post 39, 69 og 79 på budsjettet for 2019 er 15. oktober 2018.

Dette må søknaden innehalde:

  • Skildring av prosjektet.
  • Tidsplan som beskriver når prosjektet skal gjennomførast og avsluttast.
  • Skildring av miljønytte.
  • Ansvarsforhold.
  • Finansieringsplan som viser fordelinga av kostnadane mellom Miljødirektoratet og søkjar.
Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
15.10.2018 00:00:00
Målgruppe:
Tiltakshavarar, samt private og offentlege aktørar som er ansvarlege for område på land eller i sjø
Ansvarleg:
Miljødirektoratet

Kontaktpersonar