Tilskot til opplæring gitt til barn og unge mellom 16 og 18 år som søker opphald i Noreg

Frå hausten 2018 skal kommunane og fylkeskommunen berre søke Fylkesmannen om tilskot for barn mellom 16-18 år. For barn mellom 6-15 år vil kommunen automatisk få tildelt tilskot basert på Utlendingsdirektoratet sine berekningar av belegg.

Tilskot for barn i alderen 16-18 år

Kommunane og fylkeskommunen skal som tidlegare sende søknad om tilskot til Fylkesmannen for aldersgruppa 16-18 år. Det blir ikkje endringar for tilskot til opplæring til barn mellom 16-18 år, verken grunnskuleopplæring eller vidaregåande opplæring.

Som tidlegare vil Fylkesmannen saksbehandle og utbetale tilskotet. Vidare vil Utdanningsdirektoratet fortsette med å  publisere informasjon og søknadsskjema på nettstaden sin.

Tilskot for barn i alderen 6-15 år

Frå hausten 2018 – skuleåret 2018/19 – tek Utdanningsdirektoratet over forvaltninga av tilskotet for aldersgruppa 6-15 år. Det betyr at kommunane ikkje lenger skal søke om tilskot for denne aldersgruppa.

Utdanningsdirektoratet kjem til å utbetale tilskot til kommunane basert på Utlendingsdirektoratet (UDI) sine berekningar av faktisk innrapportert belegg.

Tilskotsordninga gjeld barn og unge asylsøkarar i alle type mottak og omsorgssenter. Ordninga gjeld òg barn og unge som søker familiegjennforening.

Tilskotsordninga sluttar å gjelde når søknaden om opphaldstillatelse er avgjord og asylsøkaren/eleven har flytta til bustadkommunen eller reist ut av landet.

Grunnskuleopplæring

For å få tilskot er det krav om at det blir gitt grunnskuleopplæring og at eleven oppheld seg lovleg i landet. Elevar i alderen 6-18 år utløyser tilskotet, og tilskotsordninga omfattar både barn og unge asylsøkarar og barn og unge som søker familiegjennforeinging. Ordninga gjeld for elevar fram til og med det skuleåret dei fyller 18 år.

Vidaregåande opplæring

For å få tilskot er det krav om at det blir gitt vidaregåande opplæring og at eleven oppheld seg lovleg i landet. Ordninga gjeld for elevar fram til og med det skuleåret dei fyller 18 år.

Opplæring etter §4A-1 andre ledd ("meir grunnskole") gjev ikkje tilskot under denne tilskotsordninga.

Søknad og rapportering

Kommunen/fylkeskommunen sender søknad om tilskot til Fylkesmannen ved å nytte søknadsskjemaet frå udir.no.

Det er ingen rapportering utover det som skal opplysast om i søknadsskjemaet. Fylkesmannen behandlar og utbetalar tilskotet.

Søknadsfrist for opplæring gjennomført i

  • vårsemesteret er 15. juni 
  • haustsemesteret 15. desember

Berekning av tilskot

Tilskotet blir berekna etterskotsvis etter ein sats per månad per barn i ti månedar per skuleår (fire månedar på hausten og seks månedar på våren) og blir utbetalt kvart halvår. Satsane blir fastsett av Stortinget.

Les meir om ordninga på udir.no

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
15.12.2018 00:00:00
Målgruppe:
Tilskotet skal bidra til finansiering og stimulere kommunane og fylkeskommunen til å gi opplæring til barn og unge som søker opphald i Noreg.
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
kommunar og fylkeskommunar

Kontaktpersonar