Tilskot til psykologstillingar i kommunane 2018

Tilskotsordninga skal bidra til å auke rekrutteringa slik at psykologkompetanse vert tilgjengeleg over heile landet.

Psykologkompetanse skal vere med på å styrke kvaliteten innan psykisk helse, rus-, vald- og traumefeltet, samt bidra til å inkludere psykisk helse som ein likeverdig del av folkehelsearbeidet.

Dette er 2. søknadsrunde i 2018. Psykologkompetanse i kommunane er lovpålagt frå 2020.

Prioritering:

  • Kommunar som tidlegare ikkje har motteke tilskot
  • Kommunar som nyttar psykologkompetansen i rusarbeid har høg prioritet, jf. Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016-2020)

Tilskotsbeløp per 100 % stilling er kr. 400.000,-.

Helsedirektoratet si heimeside

Søknadsfrist:
15.09.2018 00:00:00
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarleg:
Helsedirektoratet og Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Kommunane

Kontaktpersonar