Tilskot til organisert beitebruk

Driftstilskot kan gjevast til drift av godkjent beitelag som arbeider for felles beitebruk i utmark og redusert tap gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak. Søknadsfristen er 10. november.

Føremålet med ordninga er å stimulera til samarbeidstiltak for å få til ein effektiv beitebruk som bidreg til å halda kulturlandskapet ope. Med kring 125 beitelag er Sogn og Fjordane mellom dei fylka i landet som har aller flest beitelag. Fylkesmannen vil oppmoda flest mogeleg om å søka elektronisk via Altinn.

Det er kommunen som handsamar og avgjer søknadar om tilskot.

Meir informasjon og søknadsskjema

Søknadsfrist:
10.11.2018 23:55:00
Målgruppe:
Beitelag
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Godkjente beitelag