Symjeopplæring i barnehage 2018

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane lyser med dette ut midlar til symjeopplæring i barnehagane.

Tilskot
Vi har fått tildeling 1 240 200 kroner for 2018 som skal nyttast til formålet. Utdanningsdirektoratet fastset tilskotssatsen årleg, og tilskotet for 2018 er inntil 1 800 kroner per barn som får symjeopplæring. Tilskotet skal bidra til at kommunar og frivillege organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn. Målet er betre symjedugleik. Målgruppe er barn i kommunale og private barnehagar i alderen 4- 6 år.

Vilkår for tilskotet
Symjeopplæringa skal skje i basseng i barnehagen si opningstid. Tilskotet skal nyttast til aktivitet relatert til symjeopplæring av barna. Det er viktig at jenter og gutar får eit likeverdig tilbod. Det kan søkjast om tilskot for eitt kalendarår i gongen. Søknadar der det kjem tydeleg fram eit samarbeid mellom kommunen og frivillege organisasjonar vert prioritert. Kommunane kan samarbeide om opplæringa.

Organisering
Mottakar av tilskotet vel sjølv korleis opplæringa skal organiserast og gjennomførast. Kommunar og frivillege organisasjonar må sjølve dekke kostnadane utover tilskotet.

Søknad om tilskot
Søknadsfristen er 3. april 2018. Søknaden skal sendast på eige elektronisk skjma

Handsaming av søknadane
Fylkesmannen handsamar søknadane og fattar vedtak om tilskot eller gir avslag. Søknader som kjem inn etter fristen blir ikkje handsama. Midlane vert betalt ut når alle søknadane er handsama.

Rapport
Kommunane, barnehagan og dei frivillege organisasjonane skal innan 1. desember 2018 rapportere på eige skjema til Fylkesmannen korleis midlane er brukt. 

Søknadsfrist:
15.08.2018 16:00:00
Målgruppe:
Kommunar og frivillege organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring for barn i barnehage
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Bodhild Therese Cirotzki
Kven kan søkje:
Kommunar og frivillege organisasjonar
Rapporteringsfrist:
01.12.2018 16:00:00

Kontaktpersonar

Lenkjer