Erstatning for avlingssvikt på grunn av klima

Jordbruksføretak med vesentleg avlingssvikt kan søkje om erstatning av klimatiske årsaker det ikkje er muleg å sikre seg mot. Erstatning førest at du har meldt tidleg ifrå om skaden.

Det er nokre vilkår som er viktige å ha i minne når du søkjer om erstatning for klimabetinga skade. Du må sende melding til kommunen "utan ugrunna opphald", det vil seie så snart som muleg når ein har oppdaga klimaskade. På denne måten får kommunen høve til kontrollere og gjere seg opp ei meining om skaden har si årsak i klima, eller om det er andre årsaker til skaden.

Eit anna viktig vilkår for å oppnå erstatning for avlingssvikt, er at både føretaket og kommunen skal gjere ei skrifteleg vurdering i søknaden av ulike årsaker til avlingstapet. Kor stor del av skaden som skuldast klima skal oppgjevast i prosent. Dette gjeld både grovfôr og frukt/bær. Dersom vurderinga manglar, vil ikkje søknaden verte handsama, jf. § 7 i erstatningsforskrifta. Søknadsfristen er absolutt og søknadar levert seinare vert ikkje handsama.

Søk elektronisk

Søk elektronisk, det lettar saksbehandlinga og den går raskare. Ta kontakt med kommunen din dersom du treng råd og hjelp. Dersom du ønskjer å bruke papirskjema, finn du dei på Landbruksdirektoratet si nettside.

Søknadsfrist er 31. oktober 2017.

Søknad skal sendast til kommunen.

De finn meir informasjon på nettsida vår.

Søknadsfrist:
31.10.2017 23:59:00
Målgruppe:
Føretak i jordbruket
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Jordbruksføretak med vesentleg avlingssvikt av klimatiske årsaker det ikkje er muleg å sikre seg mot.

Kontaktpersonar