Lisensjakt på jerv og ulv

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1, i tillegg til tre ulvar.

Lisensjakta gjeld for heile Sogn og Fjordane. Jakttida for jerv er frå 10. september 2018 til 15. februar 2019. For ulv er jakttida frå 1. oktober 2018 til 31. mars 2019.

Det er eit mål å auke talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinært uttak vert mindre. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens på jerv og ulv. Jervejakta og ulvejakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jegerar som skal på jerve- eller ulvejakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar) 51 56 89 00. Den som feller jerv eller ulv, eller løyser skot mot jerv eller ulv, skal også straks melde frå til Fylkesmannen på tlf. 48 14 30 95 og Statens naturoppsyn på tlf. 48 09 43 64.