Tilskot til fjerning av framande artar

Fleire framande artar er i ferd med å spreie seg og bli problem både i hagar, friområde og natur i Sogn og Fjordane. Det er mogleg å søke om midlar til tiltak mot framande artar i 2018, og søknadsfristen er 15. januar.

Kjempeslirekne

Kjempeslirekne

I løpet av 2017 har mange kommunar i Sogn og Fjordane blitt kontakta av innbyggjarar som ønsker å få fjerna førekomstar av parkslirekne, kjempespringfrø, sitkagran, hemlokk og andre framande artar som har etablert seg i fylket. Fylkesmannen har samarbeidd med kommunane om midlar til fleire ulike tiltak i løpet av året, men det er også mogleg for lag, organisasjonar og private verksemder å gå meir direkte til verks og søke om tilskot frå Miljødirektoratet.

Tilskotsordningane for 2018 er no på plass, og når det gjeld tiltak mot framande artar finst følgjande tilskotsordning, saksa frå regjeringen.no:

Tilskot til tiltak mot framande, skadelege organismar (Kap. 1400 post 76)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke  til å hindre negativ påverknad på naturmangfaldet frå framande, skadelege artar. Målgruppe for ordninga er regionale og nasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Tiltak for å nedkjempe framande, skadelege organismar
  • Informasjon
  • Kartlegging og overvaking av framande, skadelege organismar

Ved handsaming av søknader om tilskot blir det lagt særleg vekt på i kor stor grad søknaden støtter opp under gjeldande nasjonale prioriteringar i arbeidet mot framande, skadelege arter.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar som er nødvendige i si sakshandsaming. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvar av desse spesifiserast.

Berre éin søkar kan stå som mottakar av tilskotet. Dersom det blir søkt på vegne av samarbeidande organisasjonar må intern fordeling av middel påreknast.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfrist er 15. januar 2018.

 

Som det går fram av utlysingsteksten, må søknad sendast ved å bruke Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Privatpersonar kan søke dersom dei har organisasjonsnummer, dvs. er registrerte som gardbrukar, enkeltmannsføretak m.v. Ta gjerne kontakt med Fylkesmannen dersom du har spørsmål om ordninga eller bruken av det elektroniske søknadssenteret.

Kontaktpersonar