Spreiing av husdyrgjødsel i oktober

Det er ikkje innført endringar i praktisering av regelverket for behandling av søknader om spreiing av husdyrgjødsel etter 1. oktober.

Landbruksministeren har svart på spørsmålet i Stortinget om spreiing av gjødsel etter 1. oktober.

Praktisering er framleis slik:

  • Kommunen kan ikkje gjere vedtak om generell utsetting av fristen mellom 1. oktober og 1. november.
  • Kommunen kan gje einskilde brukarar dispensasjon for spreiing utan nedmolding mellom 1. oktober og 1. november dersom det ligg føre særlege grunnar, jf. gjødselforskrifta § 31. Kommunen må vurdere om det er forsvarleg å gje dispensasjon i høve til faren for avrenning og ureining av vatn og vassdrag. Vêrutsikter, arealtilstand, avrenningsmønster og gjødselmengde må vurderast i kvar sak. Kommunen bør samstundes avklare om brukaren oppfyller krava til lagringskapasitet og tilstrekkeleg spreieareal i høve til samla gjødselmengde og gjødslingsbehov, jf. gjødslingsplanen. For lite spreieareal og lagringskapasitet er i seg sjølv ikkje særlege grunnar for å spreie gjødsla etter at gjeldande fristar er gått ut. Kommunen bør også vurdere om brukaren burde og kunne spreidd meir av gjødsla tidlegare på året.

Svaret frå landbruksminister Bård Hoksrud:
Svar på skriftlig spørsmål om frist for spredning av husdyrgjødsel