Inn på tunet

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som skal brukast til jord-, skog-, eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der.

Fylkesmannen si landbruksavdeling har ansvar for å koordinere og utvikle arbeidet med Inn på tunet i Sogn og Fjordane. Vi arbeider med å gjere Inn på tunet betre kjent i kommunal og statleg sektor, og har fokus på fagleg utviklingsarbeid og å støtte tilbydarane og kjøparane av Inn på tunet-tenester med kurs og aktivitetar. Det er utarbeida eit eige kvalitetssikringssystem og godkjenningsordning for Inn på tunet. Frå 1. januar 2014 må alle gardsbruk som vil tilby velferdstenester gjennom Ipt-ordninga, vere godkjente av Matmerk. For å verte godkjent, må tilbydarane oppfylle definisjonen på Ipt, gjennomføre kvalitetssikring av eiga verksemd basert på KSL-standard 1,2 og 11 og bestå ein godkjenningsrevisjon av KSL-Matmerk.

I Sogn og Fjordane er det i dag ca. 50 tilbydarar av ulike Inn på tunet-tilbod. Dei fleste tilbydarane er organisert gjennom eit eige tilbydarnettverk.


05.06.2018

Søk tilskot til dagaktivitetstilbod

Helsedirektoratet lyser på nytt ut midlar til etablering og drift av dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens som kommunane kan søkje på.


29.11.2017

Løyvefritak for Inn på tunet-aktørar

Inn på tunet-aktørar som nyttar køyrety i eige verksemd til å transportere brukarar kan no få løyvefritak for inntil tre køyrety.


06.11.2017

God fagdag om dagtilbod for demente

Fylkesmannen arrangerte fagdag om utvikling av dagaktivitetstilbod for heimebuande demente 24. oktober. Deltakarane fekk oppdatert kunnskap om utvikling av slike tilbod og høyre erfaringar frå kommunar med ulike typar tilbod.


07.09.2017

Fagdag om dagtilbod for demente

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inviterer til fagdag om tilrettelagte dagtilbod for demente.


30.08.2017

Nye kurs i Inn på tunet-godkjenning

Det vert sett i gong nye KSL-kurs i Inn på tunet denne hausten. Det er planlagd eit kurs i Sunnfjord og eit i Sogn. Nytt høvet til å få god hjelp på vegen mot å verte godkjend som Inn på tunet-tilbydar.


11.07.2017

IPT-nettverket Sogn og Fjordane

Nettverket for Inn på tunet-tilbydarane i Sogn og Fjordane vart etablert i 2004 og er ei foreining som omfattar IPT-tilbydarar i fylket. Leiar for nettverket er Martha B. Angedal, Angedal gard.


03.07.2017

Nordisk Inn på tunet-konferanse i Kristiansand

Korleis kan kontakt med dyr, planter og natur gje betre livskvalitet? Det er hovudtemaet på ein nordisk Inn på tunet-konferanse i Kristiansand i haust. På same tid går også den nordiske forskarsamlinga innan Green care and nature based interventions av stabelen.


23.06.2017

Inn på tunet som leverandør til Nav

Inn på Tunet (IPT) kan vere ein god leverandør til Nav. Fylkesmannen og Nav møtte IPT-bedrifter på Skei for å utveksle erfaringar og idéar om korleis dei kan levere gode tenester til arbeids- og inkluderingsmarknaden.


15.05.2017

Inn på tunet som leverandør til Nav

Onsdag 31. mai inviterer Fylkesmannen og Nav Sogn og Fjordane til møte om Nav og Inn på tunet.


28.02.2017

Betre samarbeid om Inn på tunet-tenester

Kommunane er dei største kjøparane av Inn på tunet-tenester. Tenestene gjev rom for individuell tilpassing, men kan vere krevjande å vedlikehalde og ta i bruk. Ein ny rapport basert på erfaringar frå tre kommunar, peikar på sentrale spørsmål som er viktige for å utvikle ordninga.


Fleire nyhende