Kurs i akuttmedisin

Dato:
17. september - 20. september
Stad:
Førde
Ansvarleg:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1/lege i turnus og legar i allmennmedisin som treng kurs for oppdatering. Anna helsepersonell som arbeidar med legevakt
Påmeldingsfrist:
12.09.2018 23:00:00

Det vert kurs i akuttmedisin for LIS1/lege i turnus, legar som skal køyre legevakt og anna helsepersonell som arbeidar med legevakt. Kurset er godkjent som emnekurs i den norske legeforening.

Det er ein blanding av teori og praksis og kurset legg òg vekt på samhandling mellom det lokale helseføretaket, AMK og legevakta.

Det er opna for at legar som skal køyre legevakt og anna helsepersonell knytt til legevakt kan melde seg på kurset. Kurset er godkjent av Helsedirekoratet. Etter gjennomgått kurs, stettar helsepersonellet akuttmedisinforskrifta for å køyre legevakt.

Det obligatoriske nettbaserte forkurset til akuttmedisinkurset som er utarbeida av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin er no tilgjengeleg. Kursbeviset må skrivast ut og takast med til den oppmøtebaserte delen av kurset som dokumentasjon.

Kurset vert halde to gonger, 17.-18. september og 19. - 20. september. Kurs i nødnett vert halde 18. september om kvelden.  LIS1/lege i turnus bør melde seg på akuttkurset 19. - 20. september, då det er ein fordel å ha gjennomført kurs i nødnett i forkant av akuttmedisinkurset.

Kursavgift: 5000 kr for legar. Fylkesmannen dekker utgiftene for LIS1/turnuslegane. LIS1/turnuslegane skal sende reiserekning til Helse Førde.

Dato:
17. september - 20. september
Stad:
Førde
Ansvarleg:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1/lege i turnus og legar i allmennmedisin som treng kurs for oppdatering. Anna helsepersonell som arbeidar med legevakt
Påmeldingsfrist:
12.09.2018 23:00:00

Kontaktpersonar

Dokument