Samling for lærarar og leiarar i norsk og grunnskule for vaksne

Få påfyll om arbeidsretting, tilpassing og karrierelæring. Korleis kan for eksempel digitale verktøy nyttast til å knyte arbeidsplass og klasserom saman?

Kommunikativ arbeidsretta opplæring

For å utvikle det munnlege språket er det viktig at deltakarane er aktive i samtalar som har eit reelt føremål, i meiningsfulle samanhengar. Korleis kan du lage kommunikative oppgåver knytt til konkrete arbeidsoppgåver? Caroline Berg Tryti og Turid Anne Utseth vil presentere korleis du kan utfordre deltakarane dine til å bruke språket på same måte som på jobb. Vidare vil dei ta for seg korleis du kan arbeidsrette opplæringa for dei som ikkje er i jobb.

Det blir lagt opp til førelesning, praksisfortellingar, dialog og aktivitetar.

Differensiering og tilpassa opplæring i vaksenopplæringa

Kva gjer du når det er stor variasjon i utdannings- og språknivå i klassen? Mette Kristoffersen Melby og Sylvia Riise vil gi deg praktiske tips til korleis du kan differensiere i klasserommet. Dei vil presentere metode og organisering av undervisninga slik dei gjer det ved Røyken vaksenopplæring, der dei ikkje deler klassane inn etter spor.

I løpet av presentasjonen blir det lagt opp til dialog og på slutten vil det bli gruppediskusjon om korleis ein kan jobbe med differensiering hjå dykk.

Bruk av digitale verktøy for å auke læringsutbyttet i praksis

Korleis knyt du arbeidsplassen og klasserommet saman til eit læringsrom? Marianne Berg-Stølen vil presentere korleis Birkelid læringssenter brukar Facebookgrupper, WhatsApp og andre digitale verktøy på ein kreativ måte til dette. Du vil få presentert praktiske eksempel, innfallsvinklar og praktiske oppgåver slik at du òg kan ta i bruk digitale verktøy for å auke læringsutbytte i praksisperioden.

Karrierelæring i norskopplæringa

Clare Seville vil gi deg ei innføring i kva karriererettleiing og -læring er og korleis dette kan brukast til å arbeidsrette norskopplæringa. Kurset vil sjå på korleis læraren skal forstå si rolle inn i dette. Karrierelæring er ein læreprosess der deltakarane utviklar dugleikar, kunnskapar, haldningar og eigenskapar som dei treng for å kunne ta eit reflektert utdannings- eller jobbval. Vidare handlar det om å meistre overgangen til arbeidslivet. Målet er at deltakarane utviklar karrierekompetanse.

Sjå meir i programmet

Påmelding

Fylkesmannen dekkjer opphald, deltakarane må sjølve dekke reise.

Dato:
15. august - 16. august
Stad:
Thon Hotel Jølster, Skei
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Målgruppe:
lærarar og leiarar i norsk og grunnskule for vaksne
Påmeldingsfrist:
21.06.2018 23:59:00

Kontaktpersonar

Dokument