TINE Meieriet Byrkjelo søkjer om endra utsleppsløyve


Høyringsfrist 15. november 2018 00:00

Verksemda har fasa ut produksjonen av konsummjølk og auka osteproduksjonen. Dei søkjer no Fylkesmannen om endra utsleppsløyve etter ureiningslova.

Tine Meieriet Byrkjelo har i dag utsleppsløyve frå Fylkesmannen, som seinast vart oppdatert 14.10.2002. Dei siste åra har produksjonen ved meieriet vorte endra ein god del ved at konsummjølkproduksjonen no er fasa heilt ut, og at produksjonen av kvitost, brunost og mysekonsentrat har auka. I tillegg vert det produsert kasein ved anlegget, og sjølv om denne produksjonsforma ikkje er ny, har ho ikkje vore omfatta av det eksisterande løyvet. 

Verksemda søkjer no om følgjande endringar av produksjonsrammene i utsleppsløyvet:

Sjølv om produsert mengd vert endra, reknar ikkje verksemda med at omlegginga av produksjonen fører til nemneverdige endringar med omsyn til t.d. utslepp til vatn og luft, avfallshandtering eller tilstanden til resipienten. Verksemda fekk utført støykartlegging i 2015.

Samstundes med endringane i produksjonen hjå TINE Meieriet Byrkjelo, har også regelverket som gjeld ytre miljø for næringsmiddelverksemder vore i endring, og nye krav har vorte gjort gjeldande.

Fylkesmannen skal vurdere søknaden og eventuelt gi endra utsleppsløyve etter ureiningsregelverket.

Merknader til søknaden kan sendast på e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no  eller med brev til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger innan 15. november 2018.