Framlegg om avvikling av Prestøy naturreservat på høyring

Fylkesmannen føreslår å avvikle Prestøy naturreservat i Askvoll, og i staden opprette eit mindre naturreservat for sjøfugl ved Lauvholmen.

Sjøfuglreservatet på Prestøyna ved Askvoll har vore utan hekkande sjøfugl i over 20 år. I samband med at arbeidet med Atløysambandet har starta opp, føreslår derfor Fylkesmannen at verneområdet blir avvikla. Prestøyna hadde måsekoloniar som var mellom dei største i fylket da forarbeida til verneplanen for sjøfugl vart gjennomført på 1980-talet, men desse forsvann like etter at området blei verna i 1993.

Fylkesmannen har i fleire år følgd utviklinga av hekkebestandane i sjøfuglreservata i Sogn og Fjordane, og Prestøy naturreservat skil seg klårt frå andre sjøfuglområde i fylket. Verken endringane i næringstilgang, minkproblem eller gjengroing kan forklare utviklinga i Prestøy naturreservat, og forsvinningsnummeret skuldast nok at ein stor fiskehermetikkfabrikk i Askvoll sentrum blei lagt ned i 1993, same år som sjøfuglreservatet vart oppretta. Dei store mengdene med prosessvatn og fiskeavfall som tidlegare gjekk i sjøen, forklarar både korleis ein så stor sjøfuglkoloni kunne etablere seg ved den indre kysten, og kvifor den forsvann igjen så brått.

Prestøyna sin status som sjøfuglreservat har kome i fokus etter at det blei sett i verk arbeid med planar for brusamband til Atløyna. Ei løysing med veg over Prestøyna og bru derifrå mot Atløy vil spare prosjektet for store tekniske utfordringar. Ettersom sjøfuglkoloniane på Prestøyna no har vore borte i over 20 år, og det ikkje er grunnlag for at dei skal kunne kome tilbake, føreslår Fylkesmannen at statusen som verneområde vert avvikla for sjølve Prestøyna. Holmane i den sørlege delen av det noverande reservatet har framleis verdi som hekkeområde, og Fylkesmannen føreslår at desse blir vidareført som verneområde under namnet Lauvholmen naturreservat.

Framlegget, med forslag til avgrensing og verneforskrift for Lauvholmen naturreservat, finn du i høgre marg. Fristen for innspel er 20. august 2018.