BKK Nett AS - søknad om løyve til tiltak i sjø i Gulen


Høyringsfrist 12. oktober 2018 00:00

BKK Nett AS søkjer om løyve etter ureiningsregelverket til mudring, sprenging og utfylling i sjø i Iledalsvågen

 19.06.2015 fekk BKK Nett AS anleggskonsesjon ved kongeleg resolusjon for bygging og drift av ny 300 (420) kV kraftleidning Modalen -Mongstad. Denne konsesjonen har seinare vorte endra og erstatta av ny anleggskonsesjon gitt av NVE 26.01.2017.

Det er planlagt å leggje fire høgspentkablar på sjøbotnen mellom Iledalsvågen i Gulen kommune og Mongstad på andre sida av Fensfjorden. I tillegg skal det leggjast til rette for to kablar til i same traséen, dvs. til saman seks kablar.

BKK Nett AS søkjer Fylkesmannen om løyve etter ureiningsregelverket til tiltak i sjøen. Søknaden gjeld mudring, sprenging og utfylling på sjøbotnen på ulike lokalitetar langs den planlagde kabeltraséen. Kabelgata kan sjåast på som ei 12 m brei anleggsgate langs sjøbotnen.

Følgjande metodikkar er planlagde for gjennomføringa av tiltaket:

Sprenging: For å kunne oppnå tilstrekkeleg djupne og breidde for god plassering av kablane, er det planlagt å sprenge i eitt til to punkt under vatn. Arbeidet vil kunne røre ved om lag 1440 m2, og det vil kunne verte sprengt ut opptil 2400 m3 steinmassar. Sprengsteinmassane vil verte levert til godkjent mottak for nyttiggjering på land.

Mudring:  For å legge til rette for sprengingsarbeidet, er det planlagt å mudre i sjøbotnen over eit areal på om lag 1000 m2 før sprenginga tek til. Dette vil generere ca. 400 m3 muddermassar. Sedimenta er i varierande grad ureina med tungmetallet kadmium, polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) og tributyltinn (TBT). Muddermassane skal difor leverast til godkjent mottak.

Utfylling på sjøbotnen: For å stabilisere underlaget for kablane der sedimentet er laust og har dårleg bereevne, skal det leggast stein/pukk på sjøbotnen, som skal forsterkast på to strekningar på høvesvis 400 m og 600 m langs kabelgata. Samla areal som utfyllingstiltaket vil få verknad for, er 12 000 m2, og samla mengd massar vert 24 000 m3.

Tildekking: For å skåna kablane mot erosjon, kan det verte behov for å dekke dei til, delvis eller langs større delar av kabellengda. Det vil då verte lagt eit 30 cm tjukt lag med stein over kablane. Tildekkinga vil kunne utgjere maksimalt 3500 m3 over eit areal på 11 600 m2.

Sprengingsarbeid og etablering av kabelgata er planlagt utført hausten 2018. Legging av kablar vi verte utført våren 2019, medan tildekking vil verte utført hausten 2019.

Fylkesmannen skal vurdere søknaden og eventuelt gi løyve etter ureiningsregelverket. Vedlagt følgjer kopi av søknad med vedlegg..