Læringstilsyn ga betra tenesteyting

Kommunane verdsette arbeidsforma og forbetra måten dei jobba på.

Kva er læringstilsyn

I eit læringstilsyn gjer Fylkesmannen systemrevisjon i ein tilsynskommune medan fleire omliggande kommunar gjer eigenkontroll på same tema. I felles oppstartmøte gjennomgår vi regelverket på området kommunane skal undersøke, og i felles oppfølgingsmøte deler kommunane erfaringane med arbeidet.

Forbetringsarbeidet føregår i ein tremånaders periode, dels i kommunen aleine, dels ved samarbeid mellom kommunar.

Vi har no arbeidd med læringstilsyn i tre år og har oppsummert erfaringane med seks læringstilsyn i 32 kommunar i ein rapport til Statens helsetilsyn (sjå vedlegg).

Forbetring i både styring og tenester

Kvalitative evalueringsdata synte at kommunane verdsette arbeidsforma og at det førte til forbetringar i styringssystemet.

Kvantitative evalueringsdata viste at kommunane hadde endra arbeidsformer og betra sjølve tenesteytinga seks månader etter at tilsynet var ferdig samanlikna med utgangspunktet.

Like godt eller betre enn vanleg tilsyn

Betringa i tenestekvalitet var like god eller betre i kommunar som hadde deltatt i læringstilsyn (ni kommunar, 72 pasientar) da dei vart undersøkt seks månader etter tilsyn, samanlikna med tenestekvalitet i kommunar som hadde vanleg tilsyn (fire kommunar, 33 pasientar). Fylkesmannen sin ressursbruk er monaleg mindre ved gjennomføring av læringstilsyn. 

Samla sett tyder funna på at læringstilsyn er ei godt eigna arbeidsform som kan gi gode resultat på tenestyting, samstundes som Fylkesmannen si ressursutnyttinga er betre enn ved vanleg tilsyn.