Klage til fylkesmannen

Ei av oppgåvene til fylkesmannen er å syte for at du som innbyggjar får oppfylt rettane du har krav på frå det offentlege. På mange samfunnsområde er det kommunen som yter desse tenestene. Fylkesmannen passar på at kommunen gjer jobben sin og at du får oppfylt rettane dine. Dette gjer vi gjennom tilsyns- og kontrollarbeid. Vi seier at fylkesmannen er ein rettstryggleiksinstans. Ein del av oppdraget vårt er dessutan å behandle klager på kommunale enkeltvedtak.

Som innbyggjar har du mange rettar. Viss rettane dine blir brotne, kan du bruke klageretten din. Dersom kommunen har gjort eit vedtak som gjeld rettane dine, kan du klage på vedtaket. I nokre tilfelle kan det offentlege også avvise å behandle ei sak. I slike tilfelle er sjølve avvisinga eit vedtak du kan klage på.

Du kan klage

Fylkesmannen er klageinstans for kommunale enkeltvedtak. Fristen for å klage er tre veker etter at du vart informert om vedtaket. Når du ønskjer å klage, er det viktig at du skildrar kva du vil klage på. Forklar kva som har skjedd, ta med viktige datoar og kva som er gjort i saka. Ver tydeleg på kva du ber om, kanskje har du ønske eller framlegg til kva som kan endrast i vedtaket. Hugs at du ikkje bør skrive sensitive opplysningar i e-post.

Klagen sender du til den instansen som gjorde vedtaket. I vedtaket frå kommunen skal det vere opplysningar om klageretten og adressa du skal sende klagen til. Dersom det kommunale organet ikkje endrar vedtaket sitt etter at du har klaga, skal klagen sendast vidare til fylkesmannen.

Dette gjer fylkesmannen

Fylkesmannen behandlar klagen din så raskt som råd. Saksbehandlingstida kan variere alt etter kva type sak det er og saksbehandlingstida hjå Fylkesmannen i regionen din. Dersom vi reknar med at det vil ta meir enn ein månad før du kan få svar frå oss, tek vi kontakt og opplyser om når du kan rekne med å få svar frå oss. Manglar det informasjon i klagen frå deg, tek vi også kontakt.

Fylkesmannen er også klageinstans for helse- og omsorgstenester. Les meir om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.