Individtilpassing av verjemandat

Statens sivilrettsforvaltning har gitt Fylkesmanen i oppdrag å gjennomgå aktive verjemål med tanke på individtilpassing og mandatutforming

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.08.2019

Vi viser til «Riksrevisjonens undersøkelse av vergemålsreformen, dokument 3:6 (2017–2018», der ein av hovudkonklusjonane er at det føreligg manglar ved tilpassinga av verjemål ut i frå behova til personen med verjemål.

Riksrevisjonen tilrår at Justis og beredskapsdepartementet ber Statens sivilrettsforvaltning om å sørgje for at fylkesmennene dokumenterer kva vurderingar dei har gjort i høve individtilpassing, slik at mandata for verjeoppdraga ikkje blir meir omfattande enn nødvendig.

Førebels har vi inntrykk av at mange mandat kan vere for generelt utforma. Samstundes skal det framleis vere høve til å ha eit generelt mandat, likevel gjerne slik at mandatet etter noko tid blir meir avgrensa innanfor eit eller begge områda (økonomisk/personleg) slik at mandatet i større grad speglar det faktiske hjelpe- og bistandsbehovet til personen med verjemål.

Har du verjeoppdrag der du tenker at vi kan konkretisere mandatet ytterlegare, set vi stor pris på om du tar kontakt med Fylkesmannen med forslag til utforming (send gjerne sikker melding).

(Verja skal, så langt det lar seg gjere, lytte til personen med verjemål ved utforming av verjemandat.)

Til informasjon: skilje mellom personleg og økonomisk mandat

Etter vergemålsloven § 21 kan eit verjemål omfatte økonomiske og personlege forhold. Vidare kan mandatet vere avgrensa innanfor kvart av desse områda, alt etter kva som er personen med verjemål sitt behov. Ordlyden gir ingen vidare rettleiing om korleis skiljet er mellom økonomiske og personlege forhold.

Av førearbeida til vergemålsloven, og i kommentarutgaven til vergemålsloven på side 218, kjem det likevel fram at økonomiske forhold mellom anna kan handle om å vareta inntekter og utgifter, handtere gjeld, forvalte fast eigedom gjennom utleige eller sal, drifte næringsverksemd og andre liknande interesser. Personlege forhold omfattar hovudsakleg alle former for representasjon og det å vareta alle rettane personen med verjemål har som går ut over det økonomiske. Særleg vil det vere snakk om ulike former for representasjon ovanfor offentleg myndigheit. Konkret kan det handle om å søke kommunale tenester og ytingar, søke om sosialstønad og ulike trygdeytingar, klage på vedtak frå forvaltningsorgan og representere personen med verjemål i rettslege høve.

Med tanke på å avgrense mandat kan ein også sjå Høyesteretts dom, HR-2017-275-A som peiker på at ein ved tvilstilfelle kan sjå hen til personen med verjemål sin motivasjon for ein aktuelle disposisjon. Sagt med andre ord, om det er økonomiske eller personlege element som vesentleg sett motiverer ei avgjerd.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.