Framtidsfullmakt

Verjemålslova gir høve til å opprette ei framtidsfullmakt, og få fullmakta stadfesta av Fylkesmannen, for dei som ønskjer det. Ordninga med framtidsfullmakt er ei frivillig, privatrettsleg ordning, eit alternativ til verjemål, for den som ønskjer å ordne forholda sine sjølv for ei framtid der ein sjølv ikkje er i stand til å treffe eigne avgjerder.

Avgjerdene om framtidsfullmakter må sjåast i samanheng med reglar i avtalelova om fullmakter, medrekna avtalelova § 22. Utgangspunktet her er at fullmakter mister verknaden sin dersom fullmaktsgivar blir svekkja på ein slik måte at han eller ho ikkje lenger kan inngå rettslege bindande disposisjonar. Reglane i verjemålslova (§78) om framtidsfullmakter representerer såleis eit unnatak frå utgangspunktet til avtalelova.

Det går også an å opprette ein såkalla "vedvarande framtidsfullmakt" som tre i kraft med ein gong og fortset å gjelde inn i framtida også etter at fullmaktsgivaren har mist handleevna si. Slike fullmakter kan brukast som vanlege fullmakter ved tinglysing og treng ikkje stadfesting frå Fylkesmannen. Dersom ein ønskjer at framtidsfullmakta skal vere vedvarande må det gå tydeleg fram at den skal tre i kraft med ein gong, eller på eit gitt tidspunkt før ein mister evna til å vareta eigne interesser.

 

For meir informasjon, sjå:

Framtidsfullmakta sitt innhald og utforming

Bestem kva fullmakta skal omfatte

Kva gjer eg etter at fullmakta er oppretta?

Når tre framtidsfullmakta i kraft?

Behov for Fylkesmannen si stadfesting?