Godkjenningar og rekneskap

Ei verje har ei rekkje forpliktingar som det er viktig å kjenne til. Noko av det viktigaste er at valde verjer som ikkje har fått fritak frå Fylkesmannen skal levere inn verjerekneskap til Fylkesmannen innan 30. april kvart år.

Verjer bør også rådføre seg med Fylkesmannen når han eller ho er i tvil, og når det gjeld avgjerder av særleg vekt for den som har verje. I bestemte spørsmål skal verja innhente samtykke frå Fylkesmannen.

Verja må kontakte Fylkesmannen dersom det er behov for å få overførd midlar frå dei kapitalkontoane som Fylkesmannen forvaltar på vegne av personar med verje.

Verjer har krav på godtgjering for arbeidet som verje og har rett til å få dekt nødvendige utgifter i samband med verjeoppdraget. Nærståande får godtgjering for arbeidet som verje berre dersom særlege grunnar taler for det.

Verjerekneskap

Verja har som hovudregel rekneskapsplikt for midlar som tilhøyrer den han eller ho er verje for. Frist for innlevering er sett til 30. april kvart år.

Rekneskapsplikta blir oppfylt ved at det årleg blir fylt ut eit skjema som blir kalla fullstendigheitserklæring. Her skal verja stadfeste at oppdraget er utført som det står i lov, forskrifter og retningsliner. Det er viktig at fullstendigheitserklæringa ikkje blir brukt som søknad eller til avklaring av forhold som skal godkjennast av Fylkesmannen.

Søknad om fritak for rekneskapsplikt har ikkje eit eige skjema, men skal sendast per brev til Fylkesmannen. Ektefelle eller sambuar til person med verje skal som hovudregel ha fritak for rekneskapsplikt. For andre blir paragraf § 23 i verjemålsforskrifta praktisert svært strengt.

I tillegg skal det sendast inn kontoutskrifter per månad frå bank for dei konti verja disponerer. Unnataket her er «lommepengekonto» som person med verje bruker sjølv til eige forbruk. I tillegg må verje sende inn årsoppgåver på fond og kopi av innlevert sjølvmelding for person med verje.

Verja må ikkje føre ein ordinær rekneskap med inn- og utbetalingar, men må ta vare på kvitteringar/vedlegg i inntil tre fulle rekneskapsår. I den graden kontoutskriftene frå banken ikkje klart synar kva uttak er brukt til, skal uttaket forklarast direkte i kontoutskrifta eller i fullstendigheitserklæringa.

Aktuelt skjema:

Fullstendigheitserklæring (fyllast ut som del av rekneskapsplikta)

Saker som skal godkjennast av Fylkesmannen

I visse spørsmål skal verja ha samtykke frå Fylkesmannen. Nøyaktig omtale av når finst i kapittel 6 i verjemålslova som handlar om utføringa til verja av verjeoppdraget.

Samtykke frå Fylkesmannen gjeld dei fleste forhold knytte til fast eigedom som kjøp, sal, pantsetjing, odelsrett og inngåing eller oppseiing av eit leigeforhold. Det gjeld også for avhending av lausøyre av større verdi, samt utlån av midlar, utdeling av gåver og arveforskot.

Alle godkjenningssaker har eit eige skjema som verja fyller ut og sender til Fylkesmannen. For fleire av desse sakene har også Statens sivilrettsforvaltning laga retningslinjer.

Aktuelt kapitel i verjemålslova - «Vergens utføring av verjeoppdraget»

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2010-03-26-9/KAPITTEL_6#KAPITTEL_6

Aktuelle skjema:

Gi gåve eller forskot på arv (nynorsk) (bokmål)

Kjøp eller anna erverv av eigedom (nynorsk) (bokmål)

Sal eller anna avhending av eigedom (nynorsk) (bokmål)

Sal eller anna avhending av lausøyre (nynorsk) (bokmål)

Stifting av gjeld på vegne av personen med verje (nynorsk) (bokmål)

Gjere gjeldande eller gi avkall på odelsrett eller andre rettar i fast eigedom (nynorsk) (bokmål)

Låne ut midlar som høyrer til personen med verje til verja eller nokon som står verja nær (nynorsk) (bokmål)

Andre disposisjonar (nynorsk) (bokmål)

Søknader om bruk av kapital

Fylkesmannen forvaltar midlar for mange personar med verje. Hovudregelen er at om verja ved årsskiftet disponerer meir enn det som er fastsette som grense (2G =kr.176 740 per 1. januar 2015) , skal verja betale det overskytande inn til Fylkesmannen, jf. verjemålslova § 37, 1. ledd. Dersom inntekta til den som har verje ikkje strekkjer til og kapitalen må brukast heilt eller delvis, skal verja søkje Fylkesmannen om dette, jf. verjemålslova § 37, siste ledd. Verje vel bank for plassering av kapitalkonto som Fylkesmannen disponerer innanfor eit gitt tal avtalebanker og bankprodukt. For meir informasjon om dette sjå www.vergemal.no.

Det finst ikkje ei eiga retningslinje som Fylkesmannen kan bruke for i behandlinga av søknader om bruk av kapital. Det er særleg søknader om bruk av kapital tilhøyrande mindreårige som er vanskelege å vurdere. Statens Sivilrettsforvaltning har likevel skrive følgjande i nyheitsbrev nr.2 til Fylkesmennene utgitt den 19.05.2014.

«Når det gjelder bruk av kapital fremgår det av forarbeidene at fylkesmannen i utgangspunktet bør samtykke til en slik søknad så sant det ikke er snakk om bruk som klart er i strid med den mindreåriges interesse. Forholdet til barneloven § 51 vil imidlertid komme inn også her, og generelt skal det mer til før det brukes av den mindreåriges formue enn av avkastningen. Det må ved vurderingen bl.a. ses hen til formuens størrelse og art. Er det midler barnet selv har spart opp, er det naturlige utgangspunktet at midlene ikke skal brukes. Tilsvarende er det i utgangspunktet ikke rimelig å selge fast eiendom som den mindreårige har arvet, og som han eller hun senere kan få bruk for, for å dekke barnets oppfostringsutgifter.»

Aktuelle skjema:

Søknad om bruk av kapital (nynorsk) (bokmål)

Skjema for oppretting av kapitalkonto og val av plassering (nynorsk) (bokmål).

Godtgjering og utgiftsdekning til verje

Verja har etter ny verjemålslov som hovudregel krav på godtgjering for arbeidet som verje, med unnatak av verjer for nære familiemedlemer.

Godtgjeringa blir betalt i utgangspunktet av den som har verje sjølv. Verje må i etterkant søkje Fylkesmannen om å få godkjent godtgjeringa. Godkjent sum kan deretter belastast konto som verje disponerer (verjekonto).

Fylkesmannen skal i utgangspunktet berre betale dersom den som har verje har inntekt som er lik eller lågare enn minstepensjon (2G =kr.176 740 per 1. januar 2015) og ein formue som er på kr 50 000 eller lågare.

Dei faste godtgjeringssatsane pr år er meld i verjemålsforskrifta §§ 16 og 17:

Nærståande (foreldre, barn og ektefelle/sambuar) - berre godtgjering dersom særlege grunnar tilseier det. Det skal leggjast vekt på omfanget og lengda av verjemålet når det blir vurdert om særlege grunnar ligg føre.

Vanlege verjar (berre verje for ein eller få personar): ved verjemål som omfattar berre økonomiske forhold: kr 3500, berre personlege forhold: kr 2000, eller både personlege og økonomiske forhold kr 4000. Den faste godtgjersla vil vere skattefri dersom ein er vanleg verje og person med verje betaler godtgjeringa sjølv. Fylkesmannen kan unnataksvis godkjenne godtgjering for timar med sats på kroner 200 etter søknad.

Faste verjer (engasjert av fylkesmannen for fleire oppdrag, ofte meir omfattande): ved verjemål som omfattar berre økonomiske forhold: kr 7500, berre personlege forhold: kr 4500 eller både personlege og økonomiske forhold kr 10 000. Godtgjersla er skattepliktig. Unntaksvis kan det etter søknad gis godtgjøring for timer med sats på kroner 400.

Faste verjer bør dersom dei har får ei samla godtgjering på over 50 000 kroner per år, vere registrert som sjølvstendig næringsdrivande på grunn av lønnsoppgåveplikta.

Advokatar: den offentlege salærsatsen blir nytta når advokaten er vald med bakgrunn i behovet for juridiske tenester og i spesielt krevjande saker.

Utgiftsdekning:

Som verje vil ein ha krav på dekning av utgiftene sine knytt til oppdraget. Dette gjeld også for nærståande. Statens sivilrettsforvaltning har fastsett satsen til dekning av utgifter til kr 1 000 pr år. Utgiftene må ikkje dokumenterast for å få den faste årlege satsen. Fylkesmannen kan vurdere å innvilge utvida utgiftsdekning. Søknad må sendast i framkant og utgiftene må dokumenterast.

Aktuelt skjema:

Søknad om godtgjering og dekning av nødvendige utgifter til verja (nynorsk) (bokmål)

Lenkjer