Behov for verje

Nokon har rett til å søke om verje (begjære), og andre har ei plikt til å melde ifrå når dei ser det er behov for verje.

Når det blir oppretta eit verjemål, kan det vere basert på ein søknad eller ei melding til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan også, basert på annan informasjon, opprette sak og vurdere nærmare om det er behov for verje.

Det er ikkje nødvendigvis behov for verje dersom det er alternative ordningar som dekkjer behovet for hjelp. Det kan vere tilstrekkeleg at sjukeheimen forvaltar kontantytinga etter at opphaldsutgifter er dekte, at representasjonsretten til nærståande (legalfullmakt) blir brukt, eller at det er oppretta frivillig eller tvungen forvaltning ved NAV.

Kven har rett til å søkje om verjemål?

Kva skal ein søknad innehalde?

Søknaden må i tillegg til namn og adresse mv. innehalde ei grunngiving for

  • kvifor det er behov for verje
  • ei forklaring av tilstanden til den som treng verje
  • ei vurdering av på kva område det er behov for hjelp

Grunngivingsplikta gjeld både første gong det blir sendt søknad og ved ønske om endring av eit eksisterande verjemål. Bortsett frå legen blir den som søkte om verjemål (begjæraren) part i saka. Det å vere part har noko å seie når det gjeld rett til innsyn, klagerett og anna.

Meldeplikt for kommunar og institusjonar o.l.:

Ei melding skal grunngis på same måte som ein søknad (begjæring). Meldinga skal også innehalde

  • ei vurdering av behov for å ta frå personen den rettslege handleevna
  • om muleg eit forslag til ein eller fleire personar som er eigna til å vere verje

Dersom det er behov for endring av eit verjemål, må det grunngis på same måte frå den som gir melding