For barn og ungdom

Er du barn eller ungdom under 18 år? Lurer du på om foreldra dine eller andre vaksne kan bestemme over deg når det gjeld økonomi/rettslege handlingar utan å først høyre kva du meiner?

I så fall vil Fylkesmannen du skal vite at du alltid har rett til å få seie meininga di om ting som gjeld deg. Dei vaksne skal spørje deg på ein måte som du forstår, sånn at du får mulegheit til å tenke over og seie det du meiner. Alderen din og kor moden du er vil vere viktig i spørsmål om kor mye du kan få vere med å avgjere sjølv, og du skal få bestemme meir jo eldre du blir. Dette står skrive mellom anna  i verjemålsloven og barneloven. Dersom du ønsker å lese kva som står i desse lovane, kan du trykke her  (verjemålsloven § 17) og her (barneloven § 33).

Dersom du er interessert i å lese meir om kva du kan gjere som mindreårig når det gjeld økonomi, anbefaler vi at du tar ein kikk på lenkene under og i høgremargen:

Kva kan du gjere som mindreårig?

Kan foreldra dine bruke av pengar som du eig? 

Kven skal passe på pengane dine dersom du har formue?

Dersom du har spørsmål om dette, kan du kontakte en saksbehandlar som arbeider med verjemålssaker hos Fylkesmannen på

e-post: fmropost@fylkesmannen.no  eller 

telefon:  51 56 87 00