Tilsyn med miljøretta helsevern

Statens helsetilsyn har avgjort at det i 2019 skal gjennomførast eit landsomfattande tilsyn med kommunane sitt folkehelsearbeid etter folkehelselova, fokuset vil væra kommunane sitt tilsyn med miljøretta helsevern i skular og barnehagar.

Tilsynet vil undersøke om kommunen tar i vare sitt tilsynsansvar med å syte for;

  • klar fordeling av myndigheit og oppgåver, nødvendig uavhengigheit og kompetanse
  • oversikt over godkjenningspliktige skular og barnehagar
  • at risikoforhold i miljøet i den enkelte barnehage og skule vert følgt opp og at kommunen fører regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen
  • at tilsyn systematisk blir følgt opp der det er avdekka lovbrot

 

Følgjande regelverk er lagt til grunn for tilsynet:

  • Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova)
  • Forskrift om miljø retta helsevern i barnehagar og skular
  • Forskrift om miljø retta helsevern
  • Forskrift om oversikt over folkehelsa
Dato:
15. august 2019 - 20. desember 2019
Stad:
Eigersund kommune
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland

Kontaktpersonar