Gongen i tilsynet

Når Fylkesmannen gjennomfører tilsyn med skoler/ skoleeigar og med barnehagemynda i kommunane blir det gjort etter ein fast metode. Her kan du lese om gongen i tilsyna våre.

Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen har normalt 10-12 tilsyn kvart år. Kven som får tilsyn blir avgjort tidleg på året, og kommunane får informasjon om dette i god tid. I tillegg gjennomfører vi enkelte hendingsbaserte tilsyn på bakgrunn av varsel el.l. Tilsyna våre følger metodehandbok frå Utdanningsdirektoratet.

Varsel om tilsyn

Fylkesmannen sender varsel om tilsyn med fastsett dato i god tid før tilsynet skal finne stad. Kommunen blir bedt om å sende inn all relevant dokumentasjon nokre ukar før tilsynsdagen. Kven vi skal intervjue og tidsplan for tilsynsdagen blir avklart i forkant.

Formøte/ Opningsmøte

Fylkesmannen held eit møte i forkant av intervjua der vi går igjennom regelverket og vidare gong i tilsynet. Ansvarlege i kommunen og dei som skal intervjuast bør vere til stades her. Vi orienterer om kva krav som gjeld for kommunane sitt arbeid, kva vi spør etter i tilsynet og korleis intervju blir gjennomført.

Tilsynsdagen

Normalt stiller Fylkesmannen med to eller tre personar, der ein er tilsynsleiar. Vi gjennomfører intervju etter den fastsette tidsplanen. Vanlegvis intervjuar vi dei aktuelle kvar for seg. I nokre tilfelle gjennomfører vi også samtalar med (grupper av) barn.

Sluttmøte og foreløpig tilsynsrapport

Nokre veker etter tilsynsdagen kjem Fylkesmannen tilbake til kommunen på eit sluttmøte og presenterer resultata frå tilsynet. Førebels tilsynsrapport skal vere sendt ut i forkant av møtet. Kommunen kan gje sine kommentarar til førebels tilsynsrapport i sluttmøtet, men og skriftleg innan ein fastsett frist. Førebels rapport er eit offentleg dokument med mindre den inneheld teiepliktige opplysningar, men vil vanlegvis ikkje bli publisert på våre nettsider. 

Endeleg tilsynsrapport

Etter sluttmøtet og under omsyn til eventuelle tilbakemeldingar på foreløpig rapport sender Fylkesmannen endeleg tilsynsrapport med eventuelle lovbrot til kommunen. Dersom det blir avdekt lovbrot vil tilsynsrapporten innehalde varsel om pålegg som kommunen må rette. Frist for retting blir sett i rapporten. Endeleg tilsynsrapport blir publisert på våre nettsider.

Oppfølging av lovbrot

Viss Fylkesmannen har avdekt mangelfull oppfylling av lovkrav under tilsynet, blir kommunen bedt om å sende ein plan for oppfølging og lukking av lovbrota, med dokumentasjon som viser korleis dette skal skje. Dersom kommunen ikkje dokumenterer lukking innan fristen, fattar Fylkesmannen enkeltvedtak med pålegg om retting. Eit slikt enkeltvedtak kan klagast på til Utdanningsdirektoratet.

Når kommunen har vist lovbrota er følgt opp på forsvarleg måte blir tilsynet avslutta.