Sentrale dokument

Rettleiar til forskrift om kommunal beredskapsplikt; Rettleiaren bygger på erfaringar frå arbeidet med kommunal beredskapsplikt både på lokalt, regionalt og sentralt nivå. Den legg til rette for felles rammer og ein felles forståing av dei einskilde føresegna forskrifta.

Rettleiar til heilskapleg ROS i kommunen; Føremålet med rettleiaren er å gje ein grundig skildring av  metoden for gjennomføring og oppfølging av heilskapleg ROS i tråd med kravet til kommunal beredskapsplikt.

Samfunnstryggleik i kommunane si arealplanlegging; Ein rettleiar om ROS-analyser som metode i arealplanlegginga

Rettleiar om havnivåstigning og stormflo; Rettleiaren søker å gje råd om korleis kommunar og andre kan gå fram for å skaffe seg eit oversyn over risiko og sårbarheit når det gjeld havnivåstigning og stormflo. Føremålet er å forebygga risiko for tap av liv, skade på helse, viktig infrastruktur og materielle verdiar på grunn av overfløyming.

Rettleiar om tryggleiken rundt storulukkeverksemder; Om rettleiaren: Rettleiaren gjer ein detaljert skildring av korleis ein kan bruka verkemiddelane i plan- og bygningslova sitt regelverk for å sikra eit godt samvære mellom verksemder med farlege kjemikaliar og anna aktivitet. 

Klimahjelperen; ein rettleiing i korleis ein ska sikra samfunnstryggleiken og klimatilpassing i planlegginga etter plan- og bygningslova

Rettleiar krisekommunikasjon; Denne rettleiaren gjev råd til verksemder slik at dei kan utarbeide ein plan tilpassa eigne behov for krisekommunikasjon eller revidere eksisterande planar. Vidare gjev rettleiaren tips om praktisk krisekommunikasjon. Rettleiaren skal kunne brukast av både offentlege og private verksemder; uavhengig av kunnskapsnivå om krisekommunikasjon.

 

Rundskriv H-5/18 om samfunnstryggleik i planlegging og handsaming av byggesaker. Føremålet med rundskrivet er å klargjere dei reglane i plan- og bygningslova som sikrar omsynet til samfunnstryggleik.