Råd og tips

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.07.2018

Heilskapleg ROS-analyse

Pass på at ROS-analysen ikkje blir for generell. Det må gå fram av analysen korleis og kor dei ulike hendingane som blir analyserte vil ramme kommunen. Dette for at analysen skal vere så konkret at det er mogleg å bruke den som grunnlagsdokument for langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av samfunnssikkerhets og beredskapsarbeidet. I dette ligg også at analysen må kunne brukast som grunnlag for planarbeid jf. plan- og bygningsloven. Mange kommunar får avvik på tilsyn på bakgrunn av dette. Der det nødvendig å involvere personar frå ulike tenesteområde i kommunen samt ha ein prosess mot relevante eksterne etatar for å få tilstrekkeleg kvalitet i analysen.

For å sikre at alle  kriteria som forskrifta set krav til kjem med vil Fylkesmannen rå kommunen å bruke rettleiaren som er laga av DSB; Det er lett å gløyme at det skal vere ei vurdering av alle hendingane som er med i analysen med omsyn på behov for evakuering og varsling av innbyggarane og at det må vurderast korleis ulike risiko- og sårbarheitsfaktorar kan ha innverknad på kvarandre. Det same gjeld å ha med noko om evna til kommunen oppretthalde sitt tenestetilbod samstundes med at finn stad ei ekstraordinær hending.

Heilskapleg og systematisk samfunnstryggleik- og beredskapsarbeid.

Det må vere ein raud tråd frå den heilskaplege ROS-analysen og oppfølgingsplanen til ulike førebyggande og skadereduserande blir utført. Det er fleire måtar å dokumentere dette på. Fylkesmannen leitar i samfunnsdelen til kommuneplan om det står noko om mål, strategiar og prioriteringar av samfunnfunnstryggleiksarbeidet, me ser etter spor i planstrategien, me sjekkar om og korleis tiltaksplanen etter følgd opp etter at analysen vart laga og om det er med noko av dette i økonomiplanen. Nokre kommunar lager ein årsmelding der går fram kva tiltak som er utført i laupet av året. Det er også mogleg å lage eit eige strategidokument som samanfattar arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

Beredskapsplan

Beredskapsplanen skal bygge på den heilskaplege ROS-analysen. Det er fleire måtar å dokumentere dette på, men det er ikkje nok å berre vise til ROS og skrive at det beredskapsplanen bygger på ROS. Ein måte å dokumentere dette er å omtale dei hendingane som har den høgaste risikoen og der kommunen må vere godt budd, til dømes i form av tiltakskort. Ein annan måte er å gjennomgåande referere til ROS-analysen på naturlege stader, til dømes i forhold til kva hendingar kommunen må vere budd på, kva hendingar som kan føre til evakuering og varsling, kva ressursar ein kan trenge ved einskilde hendingar og det er nødvendig med tilpasse krisekommunikasjonen for ulike hendingar i ROS-analysen.

Det er krav til at ressursoversikten skal innehalde både relevante interne og eksterne ressursar. Her er det mange kommunar som ikkje tek med nok og får avvik. Relevante interne ressursar kan vere oversikt over kommunale bygg med naudstraumaggregat, kommunale bygg kor det teknisk er lagt til rette for å kople til naudstraumaggregat, oversikt over mobil aggregat, oversikt over offentlege tilfluktsrom og private tilfluktsrom i kommunale bygg, alternativ lokasjon for kriseleiinga i kommunen, oversikt over samband (satelittelefon, naudnett, VHF-samband), entreprenørressursar, store vasstankar, drivstofftankar, storkjøkken, minibussar. Denne lista er ikkje uttømande. Når det gjeld eksterne ressursar må det være med kva friville organisasjonar, Sivilforsvaret og HV kan stille av type ressursar. Vidare har mange med kontaktinformasjon til busselskap, lokale entreprenørar, hotell og forsamlingslokale og private verksemder som har relevante ressursar som kommunen kan ha nytte av.

Når det skal lagast ein evakueringsplan må det gå fram kva oppgåver og funksjonar kommunen må være budd på å gjere og kven som skal gjere kva. Mange kommunar gløymer å ta med ein skildring av kven og skal gjere kva. Hugs også å skriv korleis kommunen kan varsla innbyggarane om viktig informasjon som haster.

Oppdatering/revisjon

Heilskapleg ROS-analyse skal reviderast minimum kvart 4. år. Men det er ein forventning om at relevante delar av analysen blir vurdert på ny etter ekstraordinære hendingar.

Beredskapsplanen skal alltid vere oppdatert med omsyn til namn og telefonnummer og skal reviderast ein gong i året.

Øving og opplæring

Det må være ein plan for korleis kommunen vil sikre at dei som har en rolle i kriseorganisasjonen har nødvendig kompetanse. Både dei nye og dei som har vore i stund. Dette treng ikkje vere veldig omfattande men må vere med. Nokre vel å ta det inn som en del av beredskapsplanen. Når det gjeld øving skal det øvast minimum anna kvart år og øvinga må involvere kriseleiinga (ikkje berre eit tenesteområde).

Evaluering etter øvingar og hendingar

Alle øvingar skal evaluerast. I evalueringa med det går fram kven som deltok, kva som var målet med øvinga, kva læringspunkta er og det er nødvendig å revidere beredskapsplanen eller deler av ROS-analysen etter øvinga. Det same må kommunen gjere for alle ekstraordinære situasjonar der kriseleiinga eller deler av denne er samla. Ved mindre hendingar kan evalueringa sjølvsagt vere kort, men det er viktig at alle evalueringar blir dokumentert skriftleg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.