Barnevern, helse og sosial

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga fører tilsyn med kommunane si barnevernsteneste, helse- og omsorgstenester, folkehelsearbeidet og dei sosiale tenestene som er lagt til NAV-kontora. I tillegg blir det ført tilsyn i barnevernsinstitusjonar, både i form av systemrevisjonar og som institusjonstilsyn, og det blir ført tilsyn med helsetenestene i sjukehus og i fengsel. Fylkesmannen har fått i oppdrag å føre tilsyn med Barne- og familievernetaten. Rapportar etter systemrevisjonar ligg på Fylkesmannen og Helsetilsynet sine heimesider.

Tilsyn med helse, hygiene, næringsmiddel og drikkevatn i petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel blir og utført i avdelinga.