Samordning av tilsyn

Statsforvaltaren har som oppgåve å samordne og koordinere statlege tilsyn med kommunane og fylkeskommunen. Målet er å gjere det statlege tilsynet meir oversiktleg, einsarta og føreseieleg. Den einskilte kommune skal mellom anna ikkje ha for mange statlege tilsyn samtidig.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.04.2022

Statsforvaltaren har etter kommunelova §30-6 rett og plikt til å sørgje for at statlege tilsyn mot kommunar og fylkeskommunen er samordna. Det betyr at Statsforvaltaren skal samordne tidspunkt og tema for dei statlege tilsyna. I tillegg skal vi samordne reaksjonar etter tilsyn jf. kommunelova § 30-7. Dersom eit pålegg eller andre sanksjonar har stor verknad for kommunen/fylkeskommunen, skal Statsforvaltaren etablere dialog mellom kommunen og tilsynsstyresmakta. Sektortilsyna, kommunane og fylkeskommunane har plikt til å medverke til samordninga.

Samordning og koordinering i Rogaland

Kvart år samordnar og koordinerer Statsforvaltaren planane for kommuneretta tilsyn i Rogaland. Våre eigne tilsyn blir samordna med tilsyna til Arbeidstilsynet, Mattilsynet, Arkivverket og Kartverket i fylket. Informasjon om desse planlagde kommuneretta tilsyna blir sendt til kommunane, fylkeskommunen, kontrollutvalssekretariata, kommunerevisjonane og andre tilsynsetatar. Sjå informasjonsbrev og oversikt i høgre marg på denne sida.

Statsforvaltaren samordner og sin tilsynsaktivitet med kommunane sin eigenkontroll og har årlege møte med kontrollutvalsekretariata i fylket.

Det er no laga ei felles nasjonal tilsynskalender som skal gi ei detaljert oversikt over Statsforvaltaren og andre statlege etatane sine planlagde tilsyn med kommunane/fylkeskommunen. Her vil du etter kvart finna varselbrev om når dei ulike tilsyna blir gjennomførte og rapporter frå tilsyna.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 18.11.2020

Ny rapport viser at kommunene opplever at statlige tilsyn fører til læring og bedre regeletterlevelse

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har utarbeidet en rapport om samordning, omfang og nytte av statlig tilsyn med kommunene. Det går frem av rapporten at 81 % av kommunene som har bidratt i undersøkelsen er helt eller delvis enig i at tilsyn fører til læring. Videre er 76 % helt eller delvis enig i at tilsyn bidrar til bedre regeletterlevelse.


Publisert 14.01.2020

Ny felles nasjonal tilsynskalender

Frå 2020 skal fylkesmennene og fleire andre statlege tilsynsetatar ta i bruk ein felles nasjonal tilsynskalender for tilsyna deira med kommunar og fylkeskommunar.