Tilsyn

Fylkesmannen fører tilsyn med både offentlege og private verksemder. Vi kontrollerer at lover og reglar blir haldne. Når vi til dømes har tilsyn med kommunane kontrollerer vi om aktiviteten og avgjerdene til kommunen er i samsvar med lovpålagde plikter. Tilsyna skal vere med på å sikre kvalitet og forsvarlege tenester. I høgre marg finn du oversikt over dei ulike tilsynsområda som Fylkesmannen i Rogaland har ansvar for.

Informasjon om og rapportar frå Fylkesmannen sine planlagde tilsyn med kommunane finn du nedanfor. Her er varselbrev og rapportar frå tilsyn i 2015, 2014 og 2013. I tillegg er det ei oversikt over eldre tilsyn.

Fylkesmannen har også rett og plikt til å samordne alt statleg tilsyn med kommunar og fylkeskommunar. Meir informasjon om dette finn du under samordning og koordinering av tilsyn.