Tilskotsordningar 2018 naturtypar, trua artar, vilt, fisk, friluftsliv, klima, forureining m.m.

Tildelingskriterium og krav til søknaden o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga finn du i rundskrivet og alle søknadar skal sendast i elektronisk søknadssenter (sjå lenkene til høgre).

Marin forsøpling og kasserte fritidsbåtar

Miljødirektoratet gir tilskot til innlevering av kasserte fritidsbåtar til lovleg mottak. Den som leverer fritidsbåten vil motta kr 1000,- per fritidsbåt. Oversikt over lovlege mottak finn du på sortere.no.

Søknadsfristen for tiltak mot marin forsøpling 2017 var 16. mars 2017. Det er ikkje mogleg å ettersende søknader. Miljødirektoratet tek sikte på å handsame innkomne søknader innen medio mai. Følg med på Klima- og miljødepartementet sitt rundskriv om tilskuddsordningar for 2018. Det vil også være mogleg å søke om refusjon frå Hold Norge Rents ordninga.

Tiltak for ville pollinerande insekt

Her kan du søke om tilskot til å gjere tiltak som legge til rette for pollinerande insekter. Humler, bier og blomsterfluger er blant dei insekta som pollinerer (bestøvar) ville blomar og nokre avlingar. Søknadsfristen for desse tiltaka er 1. mars.

Søknadsfrist:
15.01.2018 00:00:00
Målgruppe:
Private, kommunar, lag, organisasjonar m.fl.
Ansvarleg:
Miljødirektoratet, Fylkesmannen i Rogaland