Symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar 2018 - andre gongs utlysing

Barnehagebarn som svømmer under vann
Kommunar kan søkje om midlar til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar (Foto: Lene Johansen / Lene Johansen)

Kommunar som ønskjer å drive symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar kan søkje Fylkesmannen om tilskott. 

Fylkesmannen har restmidlar kr 174 250 som skal nyttast til symjeopplæring for nykomne minoritetssspråklege elevar. Ved denne utlysinga er det først til mølla prinsippet som gjeld. Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring. Tilskotssatsen er inntil kr 1 750 per elev som det blir gitt symjeopplæring til. Andre kostnader må kommunen dekke sjølv. Tilskottet skal brukast i budsjettåret 2018.

Målet for ordninga

Målet er å redusere risikoen for drukningsulykker og å setje elevane betre i stand til å nå kompetansemåla i læreplanen. Det er eit mål i læreplanen at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årstrinn.

Organisering av symjeopplæringa

Kommunen vel sjølv korleis symjeopplæringa skal organiserast. Symjeopplæringa kan leggjast til skoletida eller etter skoletid.

Søknad om tilskot

Søknadsskjema må fyllast ut og sendast til fmropost@fylkesmannen.no, sjå høgremenyen. Send berre ein søknad frå kvar kommune.

Rapportering

Kommunen skal rapportere om talet på nykomne minoritetsspråklege som har gjennomført symjeopplæring innan 1. desember 2018. Meir informasjon vil stå i tildelingsbrevet.

Du finn meir informasjon tilskotsordninga i brevet som er sendt til kommunane i Rogaland, sjå vedlegg. 

Søknadsfrist:
01.12.2018 00:00:00
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søkje:
Kommunar som har elevar i målgruppa
Rapporteringsfrist:
01.12.2018 00:00:00

Kontaktpersonar