Ekstra skjønnstilskott til smittevern og TISK i nysaldert statsbudsjett 2020

Søknadsfrist:
7. desember 2020 12:00
Målgruppe:
Kommunar i Rogaland
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland som har meirkostnader knytt til smittevern og TISK-oppfølging og som bereknar at dei ikkje vil vere fullt ut kompenserte ved utgangen av 2020, kan søkje Fylkesmannen i Rogaland om ekstra skjønnstilskot.

I forslag til nysaldert budsjett for 2020 fordeler Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) 41 mill. kroner til Rogaland. Fordelinga tar atterhald om Stortinget si behandling av Prop. 48 S i desember. Midla skal gå til dei kommunane med dei høgaste utgiftene per innbyggar relatert til smittevern og oppfølging av TISK-strategien.

Publisert 30.11.2020

For å kunne gjere ei god vurdering av søknadene og korleis skjønnstilskotet skal fordelast ber vi om at kommunar som vil søkje:

1. Kategoriserer kostnadar relatert til smittevern og TISK i samsvar med skjema 
og spesifiserer
beløpet som kommunen søkjer om, og ikkje er kompensert for, per 1. desember 2020.

2. Rapporterer meirkostnader og mindreinntekter, kompensasjon m.m. fram til 1. desember 2020 og gir eit anslag ut året.

1. Kostnadar til smittevern og TISK

Søknaden må dokumentera kva smittevernkostnader (inkl. TISK) kommunen har bokført per 30.
november 2020. Kostnadene kategoriserast i følgjande skjema, der kommunane kan nytta seg av dei kategoriane som passar best utifrå eiga organisering:

Kostnader til smittevern og TISK Bokførte kostnader per 30. november 2020
Smittevernutstyr  
Smittesporing  
Testing og testkapasitet  
Isolasjon og karanene inkludert bruk av beredskapshotell  
Luftvegslegevakt  
Koronatelefon  
Ekstra reinhald  
Andre kostnader, spesifiser  
Sum  
Sum det søkjast om og som det ikke er kompensert for  

Kommunar med større utbrot som har medført ekstra kostnader til TISK bør gjera greie for dette i søknaden.

Kostnader til teststasjonar ved grenseovergangar og til karantenehotell for innreisekarantene til Noreg skal ikkje inkluderast.

2. Rapportering av meirkostnader, kompensasjon m.m

Vi ber også om at kommunane som søkjer rapporterer på alle koronarelaterte meirkostnader og mindreinntekter fram til 1. desember 2020, i samsvar med skjema under.

Innsparingar/kompensasjon pga. redusert prisvekst settast til 0. Anslaget for mindreinntekter i skatteinntekter skal vera det beste anslaget kommunen har på rapporteringstidspunktet. Alle skjønnstilskot som kommunen er tildelt skal inkluderast i rapportert kompensasjon. 

  Fram til 1. desember 2020 Anslag ut året 2020
Alle koronarelaterte meirkostnader og mindreinntekter fram til 1. desember 2020, ekskludert reduksjon i skatteinntekter (ein samla sum i kroner).

   
Beste anslag på reduksjon i skatteinntekter.

   
All kompensasjon som er gitt på grunn av koronautbrotet inkludert økt rammetilskot, tildelte skjønnstilskot, redusert lønnsvekst og redusert arbeidsgiveravgift fram til 1. desember 2020 (ein samla sum i kroner).

   

 

Søknaden sendast til fmropost@fylkesmannen.no med kopi til fmroanh@fylkesmannen.no 

Fylkesmannen vil gjere fordelinga så raskt som mogeleg og seinast innan 11. desember 2020.

Søknadsfrist:
7. desember 2020 12:00
Målgruppe:
Kommunar i Rogaland
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland som har meirkostnader knytt til smittevern og TISK-oppfølging og som bereknar at dei ikkje vil vere fullt ut kompenserte ved utgangen av 2020, kan søkje Fylkesmannen i Rogaland om ekstra skjønnstilskot.