Erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2020

Fristen for å søke om erstatning for skader på husdyr er 1. november. Staten erstattar dokumenterte og antatt tap og skader frå freda rovvilt på husdyr. Alle søknader skal leverast elektronisk gjennom Miljødirektoratets database elektronisk søknadssenter.

Nye søkarar må først registrere seg som søkar.

Oppdaterte besetningslister må følgje med søknaden.

Alle relevante opplysningar må fylgje søknaden. Dette er viktig for at vi skal kunne vurdere søknaden etter Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt.

Søknaden må innehalde eit kart der beiteområdet er teikna på. Det er også eit krav om å legge ved ei liste med besetningsdata. Denne skal som minimum innehalde alle individnummer i besetningen, kopling mellom mor og lam, dødsårsaker og helse/sjukdomsinformasjon.

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
01.11.2020 00:00:00
Målgruppe:
Bønder, husdyreigarar
Ansvarleg:
Miljødirektoratet, Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søkje:
Bønder, husdyreigarar