Kunngjering av restmidlar – Tilskot til kommunalt rusarbeid

Søknadsfrist:
1. oktober 2020
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland

Rogaland har kr  3 960 000 i restmidlar på tilskuddsordninga Kommunalt rusarbeid. Tilskotet skal bidra til varig kapasitetsvekst i det samla kommunale tilbodet til personar med rusproblem slik at desse blir sikra eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.

Publisert 29.05.2020

Ordninga skal understøtte måla i Opptrappingsplan for rusfeltet (2016 - 2020) med vekt på styrket innsats ut frå lokale forhold.

Prioriterte områder er:

  • Tidleg intervensjonstiltak med barn/unge og eldre som prioritert målgruppe
  • Tilsetjingar av personar med brukarerfaring eller erfaringskonsulentar.
  • Oppsøkjande tverrfaglege behandlings- og oppfølgingsteam.
  • Oppfølgingstenester i bustad, bustad med bemanning o.l.
  • Arbeidsretta tiltak og/eller aktivitetstilbod.
  • Lågterskeltenester

Les regleverket nøye før du fyller ut søknadsskjema. Sjå spesielt kapittel 4 Tildelingskriterium der det er gjort greie for prioriteringa, overgangsreglar og presiseringar.

Regelverk, søknads- og rapporteringskjema finn du under fana «Lenkjer».

Du kan lese meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet: https://www.helsedirektoratet.no/tilskudd/kommunalt-rusarbeid

Ved spørsmål av faglig karakter, ta kontakt med Ellen Aarre som du finn under «Kontaktpersonar». Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjema kan rettast til skjema@fylkesmannen.no

Søknadsfrist:
1. oktober 2020
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland