Ny utlysing - Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2019

Det er høve til å søkje om tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstiltak.

Fylkesmannen i Rogaland fekk i 2019 - 1 500 000 kroner til disposisjon for tilskotsordninga. Tilskotet blei fyrste gongen lyst ut i januar 2019. Kommunane Randaberg, Strand, Karmøy og Hå fekk innvilga søknadene sin om tilskot til etablering og vidareutvikling av frisklivsentralane. Alt disponibelt tilskot for 2019 vart ikkje brukt og difor er det igjen midlar i tilskotsordninga som kommunane nå kan søka på,- om lag 680 000 kroner.

Søknadsfristen er 20. august 2019.

Målet med ordninga er å stimulere til utvikling av kommunale helse- og omsorgstenester som støttar opp under og realiserer måla i samhandlingsreforma og NCD-strategien om å fremje fysisk og psykisk helse, førebyggje sjukdom, bidra til meistring av sjukdom og til betre ressursutnytting av samla innsats i helse- og omsorgstenestene.

Søknaden må vere underskriven av rådmannen eller tilsvarande og må innehalde:

  • Opplysningar om tiltak det blir søkt om tilskot til og kva som er føremålet.
  • Budsjett som viser kva utgifter det er rekna med til det aktuelle tiltaket, kor mykje kommunen sjølv eventuelt vil løyve og kor mykje det blir søkt om frå Fylkesmannen.
  • Namn på kontaktperson i kommunen, eventuelt referansenummer og kontonummer for innbetaling.
  • Send søknaden i e-brev til Rogaland fmropost@fylkesmannen.no eller med vanleg post til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 5020 Stavanger.
  • Merk søknaden med vårt referansenummer: 2019/22
  • Bruk helst mal for søknad som dei finn i høgremargen av dette oppslaget.

Fylkesmannen krev å få tilsendt rapport og rekneskap for bruken av pengane innan 31. mars 2020. Dersom tilskotet ikkje blir nytta i samsvar med føremålet, vil vi krevje pengane tilbake.

Søknadsfrist:
20.08.2019 23:00:00
Målgruppe:
Kommunar i Rogaland
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søkje:
Kommunar i Rogaland

Kontaktpersonar