Persontryggleik og klarering

 

Ny organisering av persontryggleik og klarering

Stortinget har bestemt at et det berre skal vere ein klareringsmyndigheit for sivil sektor. Den nye sivile klareringsmyndigheita (SKM) blei oppretta 01.01.2018 og starta opp si verksemd frå 01.04.18.

Dette betyr endringar i samband med innsending av personopplysnings­blankettane, og det blir ein annan verksemd å forhalda seg til.

Ny Adresse

Postmottaket til Sivil klareringsmynde (SKM) er flytta til Moss. Det betyr at brev i samband med tryggleiksklarering skal sendast til:

Sivil klareringsmyndighet

Postboks 100

1501 Moss.

For rådmenn skal tryggleikklareringa gå gjennom dei respektive Fylkesmenn. Fylkesmannen skal fylle ut del 1 i personopplysningsblanketten og sende søknaden vidare til SKM.

 

Viktig å hugse på

Alle kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap og fylkesmenn om søkjer om tryggleiksklarering for tilsette i eigen verksemd  er «oppmodande myndigheit»

NB! Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) har oppdatert personopplysningsblanketten (mai 2019). På NSM sine nettsider finn de Personopplysningsblanketten og rettleiinga. Gamle skjema vil ikkje bli behandla etter 1.juli 2019. Blanketten  er todelt, ein for  oppmodande verksemd  og ein blankett for houvedpersonen. Det er viktig at personopplysningsblanketten er korrekt utfylt og bruk derfor rettleiinga. De finn meir informasjon om tryggleiksklarering på nettsidene til NSM og Sivil klareringsmynde

Personopplysningsblankettar skal sendast i dobbel konvolutt. Sjølve blanketten skal ligge i den indre konvolutten som skal vere merka: «SKM – PERSONKONTROLL» eller «Fylkesmannen – PERSONKONTROLL» for rådmennene som skal gå via Fylkesmannen.

Frå SKM:

  • Den som skal klarerast  skal nytte rettleiinga til hjelp ved utfylling av skjema
  • Det bør etablerast gode interne rutinar for rettleiinga av dei som skal klarerast. Spesielt autorisasjonsansvarlege bør leggje vekt på å rettleie eigne tilsette som skal fylle ut skjema
  • Oppmodande verksemd må gje ei god og forståeleg grunngjeving for klareringa. Unngå fagterminologi og interne uttrykk. Skriv tydeleg.
  • SKM har ikkje behov for at oppmodande verksemd skriv følgjebrev til personopplysningsblanketten

 

Alle oppmodande myndigheiter må kontrollere at blanketten er korrekt utfylt. 

Klaringsmyndigheita vil avvise blankettar der klareringsbehovet ikkje er tilstrekkeleg grunngjeve eller godt nok dokumentert.

Fylkesmannen vil framleis vere oppmodande myndigheit for eigne tilsette, øvste leiar for kommunane (rådmann), øvste leiar for relevante interkommunale selskap og medlemmar i fylkesberedskapsrådet som ikkje har ein oppmodande myndigheit i eigen fagkanal.

Kommunar og andre etatar som treng rettleiing om tryggleiksklarering og utfylling av blanketten kan ta kontakt med sin Fylkesmann.

Kven som bør vere tryggleiksklarerte i kommunane

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) rår alle kommunane til å ha minimum tre tryggleiksklarerte tilsette. Brevet frå DSB ligg ved til informasjon.

Nytt frå 1. januar 2019

Ny lov om nasjonal sikkerheit (sikkerhetsloven) med tilhøyrande forskrifter tredde i kraft 1. januar 2019. De finn meir om dette på nettsida til Nasjonal sikkerhetsmyndighet.