Høyringsuttale til NOU 2019: 13 Når krisen inntreffer

Justis- og beredskapsdepartementet har hatt på høyring Beredskapshjemmelutvalget si utgreiing NOU 2019: 13 Når krisen inntreffer. I utgreiinga foreslår utvalet at det blir innført ei eiga krisefullmaktslov med ei sektorovergripande fullmakts- og suspensjonsheimel. Her er høyringssuttalen til Fylkesmannen i Rogaland

Formålet med krisefullmaktslova er å tydeliggjere når og på kva vilkår regjeringa kan sjå vekk ifrå lovgivinga i ekstraordinære krisesituasjonar. Forslaget ifrå utvalet inneber dermed ein konkretisering av den ulovfesta nødretten.

- Det har per no ikkje vore naudsynt med ei særskild krisefullmaktslov

I tidsrommet etter at fylkesmennene fekk eit særskilt ansvar for handtering av ekstraordinære situasjonar i fredstid, etter flaumen på Austlandet i 1995, har det ut frå Fylkesmannen si vurdering ikkje vore situasjonar der det har vore nødvendig med særskild krisefullmaktslov.

Alle alvorlege hendingar dei siste 25 åra har vore handterte av beredskapsplanar og lovverk innanfor den enkelte sektoren og med samordning frå eit leiardepartement, direktorat og fylkesmenn. Det kan derfor stillast spørsmålsteikn ved om det er behov for ei krisefullmaktslov.

- Det kan oppstå ekstreme situasjonar der dagens sektoransvar- og lovgivninga kan vere utilstrekkeleg

Fylkesmannen ser likevel at det kan oppstå ekstreme situasjonar i framtida der dagens sektoransvar og -lovgivning kan vera utilstrekkeleg for å setja i verk heilt nødvendige inngripande tiltak. Dette bør løysast ved at det blir etablert beredskapsheimlar i sektorlovgivninga som tar tilstrekkeleg høgde for verstefallscenarioer. I ytste fall er Fylkesmannen samd i at det blir opna for ei sektorovergripende fullmakts- og suspensjonsheimel. Dette for å ha eit instrument å bruka i svært komplekse tverrsektorielle situasjonar der ein må treffa avgjerder basert på ei totalvurdering i større grad enn det som er regulert av sektorlovgivninga. 

- Avgjerande å sikra prosessuelle avgrensingar

For å hindra at ein sektorovergripande fullmakts- og suspensjonsheimel blir brukt i utrengsmål er det avgjerande at ho blir sikra prosessuelle avgrensingar. Og at aktivering av heimelen blir lagt til Kongen i statsråd, at Stortinget blir involvert innan 10 dagar, krav om 2/3 fleirtal i Stortinget og at heimelen har varigheit i maksimum 6 månader.

- Viktig med brei støtte

Innføring av ei særskild krisefullmaktslov med sektorovergripende fullmakts- og suspensjonsheimel er ei alvorleg avgjerd. For å sikra legitimitet, god forankring og forutsigbarhet bør det vera brei støtte hos lovgivar ved innføring av ei slik fullmakt.

Heile uttalen til Fylkesmannen i Rogaland finn du i høgremargen.