Praksisstudent kartlegg kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik

Nettverkssamling på Folkets hus i Sauda (Foto: Tonje Fjermestad Aase)
Nettverkssamling på Folkets hus i Sauda (Foto: Tonje Fjermestad Aase)

Fylkesmannen i Rogaland samarbeider med Universitetet i Stavanger om å ta imot praksisstudentar. På beredskapslaget har Martin Schanche-Olsen hatt i oppgåve å kartlegga kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik.

Studentane som har vore utplasserte kjem frå eit nytt praksisemne for statsvitskap- og sosiologistudentar ved UiS. I år har Fylkesmannen hatt tre studentar plasserte i tre avdelingar. Martin Schanche-Olsen har vore tilknytt samfunnsavdelinga, og har her kartlagt kommunane sitt arbeid med forskrift om kommunal beredskapsplikt.

Kommunane oppfyller krava i varierande grad

Arbeidet med å kartlegga kommunane har tatt utgangspunkt i kommuneundersøkinga til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Svara på kommuneundersøkinga har så blitt samanlikna med tilsynsrapportane frå Fylkesmannen. Resultata blir framstilte gjennom «Kommunetrappa Rogaland» - med ulike trappetrinn og fargekoder (frå raud til grøn) som indikerer kor godt kommunane gjer det.

I kommuneundersøkinga svarer kommunane at dei oppfyller forskriftskrava i noko varierande grad. Fleirtalet av kommunane i Rogaland hamner på middels nivå på «kommunetrappa», som indikerer at kommunane innrømmer at alt ikkje er på plass i samsvar med lov- og forskriftskrav. Det er verdt å merka seg at ingen kommunar i Rogaland hamner i raud sone basert på eigenrapportering aleine. Mykje av det grunnleggjande arbeidet, som heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse og overordna beredskapsplan blir rapportert å vera på plass.

Framleis mange avvik i kommunane

Sjølv om mange kommunar meiner dei har oppfylt dei fleste forventningane i kommuneundersøkinga, finn Fylkesmannen framleis mange avvik i tilsyna. Dei siste fem åra har alle kommunane,  med unntak av Sola og Stavanger, fått avvik. I perioden 2015 til 2018 har Fylkesmannen avdekka totalt 76 avvik etter tilsyn, noko som gir nesten tre avvik i snitt for kvar kommune. Alvorlegheitsgraden i dei ulike avvika er ulik, og forskjellane mellom kommunane er relativt store. Når me korrigerer for avvik i «kommunetrappa», går talet på kommunar i grøn sone ned frå ti til sju. Fleire av kommunane som var i gul sone før korrigeringa, ender i oransje (6) og raud sone (3) etterpå. Ein kommune får minuspoeng fram til avviket er rapportert lukka. Denne framstillinga håper me kan vera eit insentiv for kommunane til å lukka avvika raskare.

Det er oftast manglar i planane og ikkje manglar på planar som gjer avvik

Fleire avvik etter tilsyn frå Fylkesmannen kan verka urovekkande, men avvika er ulike og kan innebera vidt forskjellige tiltak frå kommunen si side. Ofte er mykje av det grunnleggande i orden, som at det er ein heilskapleg ROS-analyse og overordna beredskapsplan. Avvik kan likevel bli gitt fordi formelle detaljkrav ikkje er oppfylte. Den vedlagte rapporten viser at det blir gitt flest avvik i samband med dei ulike detaljkrava som gjeld heilskapleg ROS-analyse og på korleis kommunen kan dokumentera at dei jobbar heilskapleg og systematisk med samfunnstryggleiks- og beredskap. Det blir òg avdekka ein del avvik som gjeld innhaldet i overordna beredskapsplan.

Ikkje alltid samsvar mellom aktørane

Når fleire kommunar ender i oransje og raud sone etter korrigering for avvik, kan det tyda på at Fylkesmannen vurderer situasjonen noko annleis enn det kommunane sjølv gjer. For å illustrera variasjonen, har rapporten fokusert på ein kommune der sjølvbiletet er tilnærma likt det Fylkesmannen finn ved tilsyn, og to der kommunane har «over-» og «underrapportert» samanlikna med vurderinga til Fylkesmannen i tilsyn.

Funn frå rapporten indikerer at kommunane og Fylkesmannen ikkje alltid vurderer lovreglane likt. Ein av case-kommunane som er studert, svarer eksempelvis at kommunen oppfyller konkrete krav knytt til den overordna beredskapsplanen, medan Fylkesmannen har avdekka avvik på akkurat dei same krava. Ein kan derfor spørja seg korleis ein kan vurdera situasjonen så ulikt. Rapporten kjem med nokre konkrete tilrådingar. Til dømes bør aktørane, og særleg Fylkesmannen, legga til rette for fleire dialogmøte. Dette kan bidra til at partane i større grad har same føresetning for forståing av ansvar og oppgåver i den vidare dialogen. Sentrale styresmakter bør sjå på moglegheita for å utarbeida nye og betre rettleiarar som i mindre grad gir rom for tolking.

Kjekt og nyttig med praksisopphald

Målet med praksisopphaldet har vore å gje studenten relevant arbeidserfaring og visa korleis studiet kan komma til nytte i ein ordinær arbeidssituasjon. Studenten har tatt del i arbeidsoppgåvene hos Fylkesmannen, noko som har danna grunnlaget for ein praksisrapport. Rapporten som er utarbeidd i samråd med beredskapslaget til Fylkesmannen, er lagt ved denne saka.

Både Fylkesmannen og studenten sit igjen med gode erfaringar, og begge er svært nøgde med praksisopphaldet.