Ny teneste gir deg oversikt over alle utrykningene til brann- og redningstenesta

Kilde: Brannstatistikk.no
Kilde: Brannstatistikk.no

Brannstatistikk.no er ei ny teneste frå DSB som mellom anna gir deg oversikt over alle utrykkingane til brann- og redningstenesta i Noreg. Av dei ti største kommunane i Noreg, er det Stavanger og Sandnes som kjem best ut på tal brannar per innbyggar. 

Brannstatistikk.no hentar data direkte frå rapporteringssystemet til brannvesenet og inneheld alle utrykninger som blir registrert i 110-sentralane.

I løysinga kan du til dømes få statistikk over kvar det brenn, når det brann og korleis bygningsbrannar startar. Du kan òg samanlikna fleire kommunar eller fylke opp mot kvarandre og sjå i kva kommune det brenn mest per innbyggar. 

Nesten 100 000 uttrykningar på landsbasis

I 2018 utførte brannvesenet totalt 96 980 oppdrag på landsbasis og 8 542 i Rogaland. Statistikken viser at fleirtalet av utrykkingane kjem av unødige og falske meldingar. I Rogaland var det 5 339 tilfeller av unødige og falske utrykkingar i 2018.

Brannvesenet har mange ulike oppgåver og er ein viktig del av den totale beredskapen i kommunane. Det viser òg statistikken. I 2018 utgjorde brannhendingar 36 prosent av alle reelle oppdrag.

- Det har vore eit viktig mål for oss å gjera desse opplysningane tilgjengelege for alle som ønsker å bruka dei. På den måten håper vi å løfta brannførebygging opp på agendaen. Løysinga bidrar òg til at brannvesenet blir ei meir open og gjennomsiktig teneste, seier fungerande avdelingsdirektør Ann Christin Olsen-Haines i DSB.

Sandnes og Stavanger kjem best ut blant dei store kommunane

Blant dei ti mest folkerike kommunane i Noreg, er det Sandnes og Stavanger som kjem best ut. Av alle brannhendingar knytte til bygg per 10 000 innbyggar, er tala for Sandnes og Stavanger høvesvis 26,4 og 32. Kristiansand og Oslo toppar statistikken med høvesvis 57,3 og 56,2 brannhendingar - nesten dobbelt så mange. 

I Rogaland er det Hjelmeland, Kvitsøy og Sauda som toppar statistikken med høvesvis 85,7, 77,5 og 76,1 brannhendingar per 10 000 innbyggar. På botn ligg Rennesøy, Randaberg og Sandnes med høvesvis 18,6, 25,3 og 26,4 brannhendingar

Omkomne i brann

Så langt i år har 31 personar omkomne i brann i Noreg: 26 menn og 5 kvinner (oppdatert 18.12.19).

Sidan DSB starta registreringane av omkomne i brann i 1979 har det i snitt omkomme 62 personar kvart år. Over 80 prosent av desse var i bustadbrann.

I 2017 omkom 26 personar i brann. Dette er det lågaste talet sidan DSB starta å registrera omkomne. Dei siste åra har det vore ein tydeleg trend med fallande tal på omkomne i brann. Dei to åra med flest dødsfall i brann er 1979 med 91 og 2008 med 82 personar.

Eldre og pleietrengende, personar med nedsett funksjonsevne og rusavhengige er spesielt utsette for å døy i brann. Tala frå DSB viser at cirka 75 prosent av dei som døyr i brann tilhøyrer desse gruppene. Personar over 70 år har fire til fem gonger høgare risiko for å omkome i brann samanlikna med resten av befolkninga.

- Viktig verktøy i det førebyggande arbeidet

- Brannstatistikk.no gir brannvesenet eit betre grunnlag for å driva effektivt førebyggande arbeid, og dei kan bruka det som eit verktøy til å vidareutvikla beredskapen. I tillegg gir løysinga lokale og nasjonale styresmakter kunnskap som kan brukast til å tilby befolkninga betre tenester. Verktøyet kan hjelpa til med å skaffe oversikt, sjå forskjellar og studera trender, slik at vi saman kan bidra til å førebygga brann, seier Olsen-Haines.

Desemberbrannar i bustad: Kva dag brann det mest i 2018?

Desember er alltid ein verstingmånad for bustadbrann i Noreg. Tala viser at lille julaftan toppa statistikken i fjor (2018) med 23 tilfelle av brann og tilløp til brann. Totalt var det 378 oppdrag i løpet av desember-månad. 

Vi oppmodar om ekstra varsemd i denne perioden.