Funn av radioaktivt avfall på gjennvinningsanlegg i Eigersund

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) handterer ei hending der radioaktivt avfall er oppdaga i ein kontainar som skulle til metallgjenvinning i Eigersund kommune. Kontainaren er sperra av - og Sivilforsvaret og DSA har utført målingar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.12.2019

Sivilforsvaret og DSA har målt på gjenvinningsanlegget på Forus, der kontainaren kom frå, og har ikkje funne verken radioaktive kjelder eller radioaktiv ureining.

Sivilforsvaret har vidare målt på kontainaren i Eigersund. Verdiane er låge og gir ingen grunn til helseuro for tilsette og involverte i gjenvinninga.

DSA sitt måleteam drar vidare til Eigersund for å identifisera den radioaktive kjelda som er der no, og hjelper til med forsvarleg handtering. Kjelda utgjer no inga fare for folk eller miljø, ettersom området er avsperra og sikra.

Fylkesmannen er DSA sin regionale representant i denne saka og følger situasjonen. Involverte kommunar og verksemder blir følgt opp.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.